Hopp til innhold
Nytt!Ny artikkel: Dette eier VM-troppen.Les artikkelen

barne- og ungdomsarbeidar

Aurland Kommune · Aurland, Vestland

VikariatHeltid2 stillingerOffentligUtdanningFrist om 5 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Aurland kommune lyser ut 2 vikariatar på 100 % som barne- og ungdomsarbeidar for komande barnehageår. Éi stilling er knytt til Flåm barnehage og éi til Aurland barnehage, begge i Aurland kommune i Vestland. Arbeidsoppgåvene omfattar aktiv deltaking i barna sin leik og aktivitetar, å skape trygge relasjonar, observere og følgje opp einskilde barn og barnegrupper, samt bidra til sosial, motorisk og språkleg utvikling. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskt, men relevant erfaring kan kompensere, og også dei utan formell utdanning oppfordrast til å søke.

Om arbeidsgivaren

Aurland kommune er ein offentleg forvaltningseining i Vestland fylke. Sentraladministrasjonen er registrert med 16 tilsette. Barnehagane er ein del av det kommunale tenestetilbodet: Aurland barnehage er ein moderne barnehage frå 2022 med fire avdelingar og 54 barn, medan Flåm barnehage har to avdelingar og 27 barn. Kommunen verdset mangfald og oppfordrar alle til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. juli 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig to 100% mellombelse stillingar som barne- og ungdomsarbeidar for komande barnehageår. Ei stilling er i Flåm barnehage, den andre i Aurland barnehage.

Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage, som var ferdigstilt i mars 2022. Barnehagen ligg nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Barnehagen har faste utedagar og eit godt miljø for store og små. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 54 barn.

Flåm barnehage ligg fint til på Lunden. Me er ein god og veldriven barnehage med gode moglegheiter for eit aktivt tilbod med skog, fjell og fjord som nærmiljø. I denne barnehagen er det to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.

Me søker deg som er oppteken av å gjere ein forskjell og vere ein aktiv bidragsytar til å skape ein god kvardag for barnehagebarna våre. Me ynskjer at du er engasjert, trygg og oppteken av å skapa meistring i kvardagen. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med born, men det er ikkje noko krav.

Arbeids- og ansvarsområde

  • delta aktivt i barna sin leik og aktivitetar
  • skape trygge og gode relasjonar til barna
  • observere og følge opp einskilde barn og barnegrupper
  • bidra til barna sine sosiale, motoriske og språklege utvikling
  • bidra til eit godt og inkluderande miljø for både barn og vaksne
  • delta i møter, kurs og intern opplæring
  • utføre praktiske oppgåver
  • bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske opplegg
  • medverke til gode rutinar og struktur i kvardagen

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • manglar du utdanning og erfaring, men ønsker å jobbe med barn, er du velkomen til å søke

Personlege eigenskapar

Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:

  • vil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel og endringsvillig
  • er positiv og lærevillig
  • er leiken og oppteken av å skape aktivitet og meistring

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter tariff
  • minimum 6 års tilleggsansiennitet (ved fagbrev og høgskuleutdanning)
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak )
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Søk på jobben
Søk senest 16.7.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Aurland Kommune

Tilkallingsvikar oppvekst
Aurland kommune · AURLAND, VESTLAND

Aurland kommune søker 10 tilkallingsvikarar på deltid til barnehage, skule, kulturskule, bibliotek og fritidsklubb.

VikariatDeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 29.12.2026

Lignende stillinger

Ledig produsentstilling: 10% engasjement
Sørnorsk Jazzsenter · AGDER

Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.

EngasjementDeltidUtdanning
Frist 2.8.2026
Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Læringsverkstedet Åmot søker tilkallingsvikarer!
Læringsverkstedet Åmot Barnehage AS · MODUM, BUSKERUD

Læringsverkstedet Åmot i Modum søker 2 tilkallingsvikarer (deltid) som fagarbeider/assistent i barnehage.

VikariatDeltid2 stillingerUtdanning
Frist 30.1.2026