Hopp til innhold
Nytt!Ny artikkel: Dette eier VM-troppen.Les artikkelen

Fagleiar fysioterapi

Aurland Kommune · Aurland, Vestland

FastHeltidOffentligSalg og service

AI-sammendrag

Om stillingen

Aurland kommune søker fagleiar fysioterapi i 100% fast stilling med oppstart 01.03.2026. Rollen inneber å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, sikre høg kvalitet i tenesteytinga og vere kontaktperson overfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren. I tillegg til fagkoordinering utøver stillingsinnehavaren allmenn fysioterapi – i klinikk, heimar, institusjon, barnehage og skule – og har ansvar for Helfo-oppgjer, rutineutvikling og fagrapportering. Arbeidsstad er Aurland, Vestland.

Om arbeidsgiveren

Aurland kommune er ein mindre offentleg kommune i Vestland fylke. Fysioterapitenesta er organisert under kommunalområde helse og omsorg og samarbeider tett med legekontor, ergoterapiteneste, rus- og psykiatriteneste og oppvekstsektoren. Tenesta held til i Fjordsenteret med gode lokaler, treningsrom og tilgang til symje- og terapibasseng i Aurlandshallen.

Søknad og frist

Ingen søknadsfrist er oppgitt i annonsen.

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke.

Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet. Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.

Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.

Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.

Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
  • Koordinering og tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande
  • Dokumentasjon og elektronisk samhandling
  • Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester
  • Koordinering av det faglege arbeidet i fysioterapiavdelinga , og sikre at tenesteytinga er av god fagleg kvalitet.
  • Sikre at turnusfysioterapeut får rettleiing i tråd med krav, og vere kontaktperson ovanfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren i samband med dette.
  • Ansvar for at Helfo oppgjer vert gjort i tråd med prosedyre, og for utarbeiding av fakturagrunnlag eigendelar for fysioterapi.
  • Bistå i rapportering og søknad om tilskot innan fagområdet.
  • Ansvar for å utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar for fysioterapeut i kommunen sitt kvalitetssystem.

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksitidsordning
  • tenestebil
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • gratis inngang til symjehallen
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
  • barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass.

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som: - geriatri - rehabilitering - barn og unge - psykomotorisk fysioterapi - lymfødem- og lipødembehandling
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Me vil at du:

  • Er serviceinnstilt
  • Er fagleg dyktig
  • Arbeider sjølvstendig
  • Har god arbeidskapasitet
  • Samarbeider godt med andre, og i team
  • Har behova til brukaren i fokus
  • Er ansvarsbevist, strukturert og lojal

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Søk på jobben
Hos Aurland Kommune
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Aurland Kommune

Tilkallingsvikar oppvekst
Aurland kommune · AURLAND, VESTLAND

Aurland kommune søker 10 tilkallingsvikarar på deltid til barnehage, skule, kulturskule, bibliotek og fritidsklubb.

VikariatDeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 29.12.2026
barne- og ungdomsarbeidar
Aurland kommune · AURLAND, VESTLAND

Aurland kommune søker 2 barne- og ungdomsarbeidarar i vikariat (100 %) til Flåm og Aurland barnehage.

VikariatHeltid2 stillingerUtdanning
Frist 16.7.2026
Kontaktperson barnevern
Aurland kommune · AURLAND, VESTLAND

Aurland kommune søker én fast kontaktperson i barnevernet på heltid, med overgang til ny interkommunal tjeneste fra 2027.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 8.7.2026

Lignende stillinger

Nursing opportunities in Northern Sweden
Dignus Medical

Dignus Medical søker 2 sykepleiere til faste heltidsstillinger ved helseinstitusjoner i Nord-Sverige, med frist 27. august 2026.

FastHeltid2 stillingerSalg og service
Frist 27.8.2026