Aurland kommune søker fagleiar fysioterapi i 100 % fast stilling med oppstart 1. mars 2026.
Tilkallingsvikar oppvekst
Aurland Kommune · Aurland, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Aurland kommune søker 10 tilkallingsvikarar til kommunalområde oppvekst. Stillingane er vikariat på deltid, og arbeidsstad er i Aurland kommune i Vestland. Aktuelle avdelingar er Aurland barnehage, Flåm barnehage, Flåm skule (1–4), Aurland barne- og ungdomsskule (1–10), Aurland kulturskule, Aurland folkebibliotek og Aurland fritidsklubb. Arbeidsoppgåvene varierer etter kva funksjon ein vikarierer i. Relevant utdanning eller erfaring innan aktuelle område er eit krav, og det må leggast fram politiattest ved tilsetjing. Løn og vilkår følgjer tariff.
Om arbeidsgiveren
Aurland kommune er ein liten vestlandskommune med eit breitt oppveksttilbod frå barnehage til ungdomsskule, kulturskule, bibliotek og fritidsklubb. Sentraladministrasjonen er registrert med 16 tilsette og driv generell offentleg administrasjon. Kommunen er ein undereining av offentleg forvaltning og er ei relativt lita kommunal verksemd.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 29. desember 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Me ynskjer fleire tilkallingsvikarar i kommunalområde oppvekst.
Skriv gjerne i søknaden kva avdeling, sjå under, du ynskjer å jobbe i.
Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og fine turområde.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring.
Flåm skule er ein fådelt 1-4 skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.
Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) har elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar.
Aurland kulturskule er lokalisert i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS) og ved Flåm skule. Vi tilbyr undervisning i musikkfag (for tida grunnopplæring, gitar, bass, piano, slagverk og vokal), dans og biletkunst.
Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule. Biblioteket er ope 5 dagar i veka, og her må ein vere innstilt på å yte god sørvis og ha interesse av og/eller kompetanse på litteratur. Digitale ferdigheiter og gode samarbeidsevner er viktig.
Aurland fritidsklubb held til i store lokale like ved AIS. Klubben er open tysdag, onsdag og fredag, og har tilbod for 5.trinn til 18 år. Her er det viktig å vere ein trygg rollemodell for ungdomane våre som tek ansvar. Fritidsklubben er eit uformelt tilbod som er på ungdomane sine premiss.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter funksjonen du vikarierer i.
Me tilbyr
- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning / erfaring innan området
Personlege eigenskapar
Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at vi er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Flere stillinger hos Aurland Kommune
Lignende stillinger
WorkNorway Group søker 2 intensivsykepleiere til vikariat i Troms, oppstart 31.08.
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.