Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Døgnbehandling Psykisk Helse Dps Vegsund, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 4.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund søker psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar til eit 100% vikariat i døgnavdelinga. Avdelinga har 17 senger, 14 for generelt døgntilbod og tre brukarstyrte plassar, med pasientar frå elektive innleggingar og interne overflyttingar. Arbeidsoppgåvene omfattar pasientoppfølging og koordinering, medikamenthandtering, tverrfagleg samarbeid, pasientundervising, oppfølging av pårørande, miljøoppgåver og rettleiing av studentar. Vikariatet varer frå 01.10.2026 til 31.07.2027, med arbeidsstad i Ålesund, Møre og Romsdal.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Helse Møre og Romsdal HF, Ålesund sjukehus – somatikk, ei underavdeling innan somatiske sjukehustenester med 2172 tilsette. Dette er ein stor offentleg helseverksemd, og stillinga inngår i det tverrfaglege behandlingstilbodet ved DPS-avdelinga i Ålesund.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 04.10.2026.

Om stillingen

Vi søker etter ein engasjert og trygg psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar til eit 100% vikariat i vår døgnavdeling på DPS.

Døgnposten har 17 sengar, 14 plassar for generelt døgntilbod og tre sengar brukerstyrte plassar. Pasientane våre kjem elektivt og ved interne overflyttingar frå andre sjukehuspostar. Ved vår avdeling tilbyr vi utgreiing og behandling. Miljøterapi er ein viktig del av tilbodet i døgnposten og inneber at vi tilbyr mellom anna IMR (illness management and recovery), gruppeterapi, friluftsterapi, grupper med fysioterapeut og liknande.

Hos oss får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag med fokus på heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar. Du blir en del av et tverrfaglig team med dyktige og engasjerte kollegaer.

Arbeidsoppgåver

  • Pasient oppfølging/koordinering
  • Medikamenthåndtering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Pasientundervising og oppfølging til pårørande
  • Miljøoppgaver
  • Rettleiing av studenter

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar fortrinnsvis med videreutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Erfaring med arbeid innan psykiske lidingar er ønskeleg
  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar
  • Sertifikat for bil

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og er fagleg engasjert
  • Du er trygg, fleksibel og opptatt av pasientens beste
  • Du er Initiativrik, kreativ og positiv
  • Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68 6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5175565467 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 04.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 4.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Døgnbehandling Psykisk Helse Dps Vegsund, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus, 5. okt–6. des 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier til hjemmetjeneste i Innlandet
Konstali Helsenor AS · INNLANDET

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, heltid med oppstart 1. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial