Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Assistent

Føde Ålesund, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal

AnnetDeltidOffentligHelse og sosialFrist 1.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker ein tilkallingsvikar/assistent til Føde Ålesund. Stillinga er ei deltidsstilling utan fast turnus, der oppgåvene er reinhald, klargjering av fødestover, skyllerom, matsal og fellesareal, samt transport av senger og førefallande logistikkoppgåver. Det kan i periodar bli tilbode enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, og det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere i seksjonen sommaren 2027. Stillinga passar for søkarar over 18 år, mellom anna sjukepleiarstudentar i 1. året, og krev ikkje tidlegare erfaring. Arbeidsstad er Ålesund sjukehus i Ålesund kommune.

Om arbeidsgjevaren

Arbeidsgjevar er Helse Møre og Romsdal HF, eit helseføretak innan spesialisthelsetenesta. Fødeavdelinga har eit tverrfagleg fagmiljø med fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg. Som helseføretak tilbyr arbeidsgjevaren løn etter gjeldande overeinskomstar, medlemskap i offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 1. oktober 2026. Attestar og vitnemål må lastast opp saman med CV.

Om stillingen

Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.

Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.

Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg. Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Rydding, reinhald og klargjering av fødestover, inkludert desinfisering og påfyll av nødvendige artiklar
  • Skylleromsarbeid med vask av utstyr, sortering av avfall og skittentøy, og ivaretaking av hygiene
  • Orden og reinhald i matsal, inkludert rydding, påfyll og ivaretaking av hygiene og trivsel
  • Dagleg reinhald i avdelinga, inkludert vask av fellesareal, støvtørking, avfallshandtering og påfyll av forbruksartiklar
  • Transport og klargjering av sengar, samt samarbeid med reinhaldspersonell og portørar
  • Førefallande oppgåver som varehenting, intern pasientflytting og støtte til god logistikk og flyt i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Helsefaglege studentar er velkomne til å søke
  • Søkar må vere over 18 år
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt, nøyaktig og påliteleg
  • God forståing for hygiene og smittevernrutinar

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med praktiske arbeidsoppgåver og likar å bidra der det trengs
  • Du er fleksibel og kan handtere ein variert arbeidskvardag
  • Du tek ansvar og viser initiativ
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5 6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5171935418 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 01.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 1.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Føde Ålesund, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus, 5. okt–6. des 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier til hjemmetjeneste i Innlandet
Konstali Helsenor AS · INNLANDET

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, heltid med oppstart 1. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial