Sekretær/Helsesekretær
Stråleterapi/kontor, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Møre og Romsdal HF søker sekretær/helsesekretær til eit 70% vikariat ved stråleterapiseksjonen i Ålesund. Vikariatet varer frå snarast og fram til 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team knytt til det onkologiske fagmiljøet, og oppgåvene omfattar service og oppfølging av pasientar og pårørande, telefon, post, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering. Sekretæren vil rotere mellom oppgåver på både poliklinikk og sengepost i kreftavdelinga, og samarbeide med legar og sjukepleiarar. Det vert stilt krav om relevant utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær, gode norskkunnskapar og datakunnskapar. Arbeidsstad er i Ålesund kommune.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Ålesund sjukehus - somatikk, ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning/næringsdrift og har 2 172 tilsette, noko som gjer han til ein av dei større arbeidsgivarane i regionen innan spesialisthelsetenesta.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24.09.2026. Det vert bede om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Om stillingen
Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig et 70% vikariat som sekretær/helsesekretær frå snarast og til og med 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.
Arbeidsoppgåver
- Sekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid
- Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar
- Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering)
- Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
- Fordel med erfaring i Helseplattformen
- Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.)
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du trivst i eit hektisk miljø
- Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig
- Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, kristin.farstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5 6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178372772 Stillingsprosent: 70% Vikariat Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026
Flere stillinger hos Stråleterapi/kontor, Helse Møre Og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal søker fast overlege i kardiologi ved Ålesund sjukehus, heltid.
Helse Møre og Romsdal søker psykiatrisk sjukepleiar til 100% vikariat ved DPS Vegsund i Ålesund.
Fødeavdelingen ved Ålesund sjukehus (Helse Møre og Romsdal) søker 1 sykepleierstudent som tilkallingsvikar på deltid.
Helse Møre og Romsdal søker deltidsvikar/assistent til Føde Ålesund, tilkalling med moglege helgevakter.