Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Jordmor

Kvinneklinikken, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltid4 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 18.10.2026

Om stillingen

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss. Litt om Fødeavdelinga: Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst. Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga. Stillinga er ved Fødeavdelinga, det er ledig 4 faste 100% stillingar i 3 delt turnus. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus. Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
  • Rettleiing av "nybakte foreldre"
  • Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
  • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
  • På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette

Kvalifikasjonar

  • Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel
  • Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel
  • Tole endring
  • Tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg.
  • Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette
  • Bedriftsidrettslag

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5183898927 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 05.10.2026 Søknadsfrist: 18.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 18.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Kvinneklinikken, Helse Bergen HF

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus, 5. okt–6. des 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier til hjemmetjeneste i Innlandet
Konstali Helsenor AS · INNLANDET

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, heltid med oppstart 1. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial
Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial