Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Spesialergoterapeut 

Ortopedisk Klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 4.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen HF søker spesialergoterapeut i fast stilling på 100% frå 01.01.27, knytt til Nevroklinikken ved Ortopedisk klinikk sin Ergoterapiavdeling. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk, med vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon, tidleg rehabilitering, rettleiing av pasientar med aktivitetsvanskar, samt undervisning og fagleg utviklingsarbeid. Ergoterapeuten inngår i tverrfaglege team og har medansvar for kvalitet i klinisk praksis. Det blir stilt krav om norsk autorisasjon som ergoterapeut, relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå, samt erfaring frå spesialisthelsetenesta og rehabilitering etter hjerneslag og MS. Arbeidsstad er Bergen.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er ved Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus, ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen med 9 496 tilsette, og Ergoterapiavdelinga åleine er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 04.10.2026.

Om stillingen

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold. Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon
  • Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
  • Rettleiing av pasientar med vanskar knytt til aktivitetsregulering
  • Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1. linjetenesta
  • Rettleiing / undervisning av pasient, pårørande, studentar og anna helsepersonell
  • Deltaking i fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag og MS
  • Erfaring frå arbeid med aktivitetsregulering er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
  • Du er positiv, fleksibel og endringsvillig
  • Du er opptatt av å utvikle faget, pasienttilbodet og tenestetilbodet
  • Du har ønskje om eigen fagleg utvikling, og tar initiativ til opplæring og utvikling
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279 Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5180988268 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 4.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Ortopedisk Klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF

Lignende stillinger