Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Matvert i Spisestua

Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua Seksjon 2, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltid3 stillingerOffentligReiseliv og matFrist 28.9.2026

Om stillingen

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.

Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.

Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Vi har no ledig følgande stillingar:

2 x 15% faste stillingar som Matvert, med arbeid kvar tredje helg.

1 X 100% stilling som Matvert, vikariat i 6 måneder med arbeid kvar tredje helg.

Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekna å arbeide i alle våre spisestuer.

Merk søknaden med kva stilling ein søker på.

Søkarer med fagbrev som kokk vil også være aktuelle.

Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumentarast

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Evy Førland Sander, Seksjonsleiar, 55974904, evsa@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5179333696 Stillingsprosent: 15, 100% Fast, Vikariat Startdato: 19.10.2026 Søknadsfrist: 28.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 28.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua Seksjon 2, Helse Bergen HF

Lignende stillinger