Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Eplemøllar og tapperiarbeidar

Balholm AS · Sogndal, Vestland

FastHeltidPrivatIndustri og produksjonFrist 19.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Balholm AS søker en produksjonsarbeidar til ei fast, heltids stilling som eplemøllar og tapperiarbeidar i Sogndal. I fruktsesongen (haust/vinter) får du ansvar for drift av tørke-, frørense- og kvernanlegg som lagar eplemjøl av pressmasse frå eplemostproduksjonen, samt pakking av 10 kg sekkar og reingjering/vedlikehald av anlegga. Vår og sommar blir du ein del av produksjonsteamet på tappelinja, med pakking og lasting av bestillingar ved behov. Det er snakk om éi stilling, og søkjar bør vere villig til å etablere seg i Balestrand. Truckførarbevis og erfaring frå mat- og drikkeindustrien er ein fordel.

Om arbeidsgiveren

Balholm AS driv med produksjon av juice av frukt og grønsaker, og er registrert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Selskapet har 12 tilsette og held til i Sogndal. Verksemda skal etter det som blir skildra vere fyrst ute med eplemjøl i Noreg, og produksjonslinja er resultat av eit forskings- og utviklingsprosjekt støtta av Norgesgruppen, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Selskapet skildrar seg sjølv som stabilt med tariffavtale, og har dei siste åra investert i fornya maskinpark.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 19. august 2026.

Om stillingen

Vi søker etter ein produksjonsarbeidar som skal tørke pressmasse frå eplemostproduksjon og kverne han til mjøl. Ferdigproduktet blir brukt i bakverk til å binde væske og gi eplearoma. Idéen er at vi brukar heile eplet: mosten, fruktkjøtet, skalet og alt saman.

Hva vi ser etter

Balholm er først ute med eplemjøl i Noreg, og det finst ingen oppskrifter å lene seg på. Vi reknar med at det blir utfordringar i det første produksjonsåret, og vi treng nokon med ei optimistisk innstilling og tolmod til å prøve og feile.

Du må vere vand med praktisk arbeid og maskiner. Helst har du truckførarbevis og erfaring frå mat- og drikkeindustrien.

Du må vere innstilt på å etablere deg i Balestrand. Her ventar livlege somrar, rolege vintrar og eit godt lokalsamfunn. Om det trengst kan vi hjelpe med å finne mellombels bustad.

Arbeidsoppgaver

Du får ansvar for produksjon av eplemjøl i fruktsesongen. Arbeidsstaden liknar på ei kornmølle, med tørke, frørensar og kvern, men det er pressa eple som er råvara, ikkje havre og bygg. Etter sesongen er ferdig vil du vere ein del av produksjonsteamet på tappelinja.

Haust og vinter

  • Drift av tørke-, frørense- og kvernanlegg
  • Pakking av 10 kg sekkar med eplemjøl
  • Reingjering av anlegga og enkelt vedlikehald

Vår og sommar

  • Arbeid på tappelinja
  • Pakking og lasting av bestillingar ved behov

Vi tilbyr

Du får vere med på oppstarten til ei ny og innovativ produksjonslinje, som er resultatet av eit forsking- og utviklingsprosjekt støtta av Norgesgruppen, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg.

Du får vere ein del av eit veksande team på 12 personar frå ulike yrkesbakgrunnar og land. Fleire har vore med i over 20 år.

Du får jobbe med utstyr av topp kvalitet. Dei siste åra har vi fornya store delar av maskinparken, og vi fortset å investere i løysingar som gir betre kvalitet og arbeidsflyt.

Du får rettferdig løn i ei stabil bedrift med tariffavtale. Vi gjer det vi kan for å sikre at du kan utvikle deg fagleg.

Søk på jobben
Søk senest 19.8.2026

Lignende stillinger

Er du vår neste driftsleder på sjø?
SalMar Farming AS · FINNMARK

SalMar Farming søker driftsleder til lakseoppdrett i Vest-Finnmark, fast heltidsstilling.

FastHeltidIndustri og produksjon
Frist 26.8.2026
Skipsmotormekaniker - Vikariat
Møre Oppdrettsservice As · NORDLAND

Møre Oppdrettsservice i Nordland søker 2 skipsmotormekanikere i vikariat på heltid innen akvakultur/marin sektor.

VikariatHeltid2 stillingerIndustri og produksjon
Geoteknikar
INV - Geo og skred, Vestland fylkeskommune · SOGNDAL, VESTLAND

Vestland fylkeskommune i Sogndal søker 2 geoteknikarar til faste heltidsstillingar innan samferdsle.

FastHeltid2 stillingerIndustri og produksjon
Frist 30.8.2026