Geoteknikar
Inv - Geo Og Skred, Vestland Fylkeskommune · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Vestland fylkeskommune søker 2 erfarne geoteknikarar til geo og skredseksjonen, som ligg under avdeling vegfag. Stillingane er faste og på heltid, med kontorstad i Leikanger eller Bergen (Voss kan òg vere aktuelt). Arbeidsdagen fordeler seg mellom kontor og feltarbeid, med oppgåver knytt til geoteknisk prosjektering og rådgjeving for vegar, tunnelar, bruer, ferjekaier og rassikring, planlegging og oppfølging av grunnundersøkingar, samt deltaking i beredskap for skred. Det krevst mastergrad innan geoteknikk, og minst 3-4 års erfaring er ønskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søke.
Om arbeidsgiveren
Stillingane er knytt til Vestland fylkeskommune Infrastruktur og veg Leikanger, ei underenhet innan offentleg administrasjon tilknytt næringsverksemd og arbeidsmarknad, med 86 tilsette registrert på denne eininga. Overordna er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsgivarane i fylket med over 6000 tilsette, og ein av landets største byggherrar innan samferdsle, med ansvar for over 5500 km fylkesveg, 278 tunnelar og nær 2000 bruer. Geo og skredseksjonen består i dag av 4 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 1 vegteknolog og 1 dak-operatør.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30.08.2026.
Om stillingen
Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer og 30 ferjesamband. Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet. Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem. Geo og skredseksjonen er ein del av avdeling vegfag, ei avdeling med fokus på tverrfagleg samararbeid internt i eiga avdeling og i oppdrag for andre avdelingar i organisasjonen. For å styrke vårt geotekniske fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter 2 erfarne geoteknikarar som med sin kompetanse vil bli sentrale fagressursar når vi i framtida skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar. Geo og skredseksjonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag 4 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 1 vegteknolog og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen. For desse to stillingane vil Leikanger og Bergen vere aktuelle kontorstader. Voss kan og vere aktuell kontorstad for kvalifiserte søkarar.
Arbeidsoppgåver
Som geoteknikar på geo og skredseksjonen vil du få ein arbeidsdag som fordeler seg mellom kontor og feltarbeid. Du vil få stort ansvar med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, men til gjengjeld gjev me deg mykje friheit og fleksibilitet i arbeidskvardagen. Me er oppteken av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av omlag 380 medarbeidarar innan fleire fagområder, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, drift og vedlikehald. Noko reiseaktivitet må påreknast. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
- Geotekniske oppgåver knytt til vegar, tunnelar, bruer, ferjekaier og rassikring.
- Geoteknisk prosjektering og rådgjeving i alle planfasar.
- Planlegge feltarbeid, utarbeide borplanar og følgje opp grunnundersøkingar i felt.
- Fagleg rådgjeving og oppfølging av eige fagområde gjennom byggefase og vidare inn i drift-og vedlikeholdsfasen.
- Delta i beredskapsordning for skred og yte skredfagleg bistand ved akutte hendingar på veg Hjå oss kan du forvente: Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan fagområde geoteknikk.
- Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3-4 års erfaring som geoteknikar , men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
- God kjennskap til og bruk av digitale verktøy.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort kl. B.
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar på geo og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - mogelegheit for vidareutdanning
- Variert arbeidskvardag og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar.
- Fleksibel arbeidstid. Attraktive pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. Heimekontor etter avtale. Nye og moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader. Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo og skredseksjonen - Stein Olav Njøs - på telefon; 95191855.
Kontaktinformasjon
Stein Olav Njøs, leiar, 95191855
Arbeidsstad
Askedalen 2 6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5150454046 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Lignende stillinger
CERN i Sveits søker en fast ingeniør på heltid til dekontaminering av farlig materiale og byggteknisk prosjektledelse.
CERN søker en Test & Measurement Engineer i fast, heltids stilling til testing av superledende magneter i Sveits.
CERN i Sveits søker en fast mekanisk tekniker på heltid til oppgradering av CMS-detektoren.
SalMar Farming søker driftsleder til lakseoppdrett i Vest-Finnmark, fast heltidsstilling.
Møre Oppdrettsservice i Nordland søker 2 skipsmotormekanikere i vikariat på heltid innen akvakultur/marin sektor.