Hopp til innhold
Mye nytt i sommer på sokfirma.no.Se hva som er nytt

Pasientkoordinator

Anestesileger Og Smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre Og Romsdal Hf · Ålesund, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 19.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker ein pasientkoordinator til ei nyoppretta, fast stilling i heiltid ved Smerteklinikken i Ålesund. Stillinga inneber administrasjon av tilvisingar og ventelister, koordinering av pasientforløp, handtering av førespurnader frå pasientar og samarbeidspartnarar, samt tett samarbeid med smertesjukepleiar og eit tverrfagleg team beståande av lege, psykolog, fysioterapeut og smertesjukepleiar. Rolla er sentral i innføringa av eit nytt nasjonalt pasientforløp for pasientar med kroniske smertetilstandar. Sjukepleiarutdanning er ønskjeleg, men anna relevant helse- eller sosialfagleg bakgrunn kan òg vurderast. Arbeidsstad er Ålesund.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Ålesund sjukehus – somatikk, ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 2 236 tilsette, noko som gjer han til ein av dei store arbeidsgjevarane i regionen innan spesialisthelsetenesta.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 19.08.2026.

Om stillingen

Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert, og som ønskjer ei sentral rolle i utviklinga av eit viktig behandlingstilbod for pasientar med kroniske smertetilstandar.

Smerteklinikken i Ålesund tek imot smertepasientar frå heile Møre og Romsdal til tverrfaglege vurderingar, individuelle konsultasjonar og samtalar med lege, psykolog, fysioterapeut eller smertesjukepleiar. Behandlinga blir starta hos oss, før behandlingsansvaret blir overført til primærhelsetenesta.

Dette er ei nyoppretta stilling, og du vil difor få vere med på å forme rolla i samband med innføringa av eit nytt nasjonalt pasientforløp. Som pasientkoordinator vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og koordinering av pasientforløp ved smerteklinikken, og du blir ein del av vårt tverrfaglege team. Teamet arbeider med heilskapleg utgreiing og behandling av pasientar med kroniske smertetilstandar.

Arbeidsoppgåver

  • Administrere tilvisingar og halde oversikt over ventelister
  • Koordinere og følgje opp pasientforløp for pasientane våre
  • Handtere førespurnader frå pasientar og samarbeidspartnarar via telefon og call-back-teneste
  • Delta aktivt i den daglege drifta ved poliklinikken
  • Samarbeide tett med smertesjukepleiar og bidra i tverrfaglege vurderingar

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiarutdanning er ønskjeleg, men annan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning kan også vurderast.
  • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye arbeidsverktøy og system
  • Erfaring frå arbeid med pasientgruppa eller tilsvarande klinisk verksemd er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta, og trivst med å halde oversikt i ein travel arbeidskvardag
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidreg positivt i tverrfaglege team
  • Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig, samtidig som du veit når du skal involvere andre
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig, og trivst i eit fagmiljø i utvikling og endring
  • Du er løysingsorientert og møter utfordringar med initiativ, engasjement og gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod for pasientar med kroniske smertetilstandar
  • Moglegheita til å vere med på å forme og vidareutvikle ei ny funksjon i samband med innføring av nytt nasjonalt pasientforløp
  • Eit tett tverrfagleg samarbeid i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor grad av ansvar og innverknad
  • Moglegheit for fagleg utvikling og deltaking i vidare utvikling av tenestetilbodet ved smerteklinikken
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, Kristen.Rasmussen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5 6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5157321074 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 19.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Anestesileger Og Smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre Og Romsdal Hf

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026