Hopp til innhold
Mye nytt i sommer på sokfirma.no.Se hva som er nytt

Sjukepleiar

Kirurgisk Sengepost A, Helse Møre Og Romsdal Hf · Ålesund, Møre Og Romsdal

FastDeltid3 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 16.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Kirurgisk sengepost A ved Ålesund sjukehus lyser ut 3 faste sjukepleiarstillingar: to på 80 % og ei på 90 %. Arbeidsstad er Ålesund i Møre og Romsdal, med planlagt oppstart 1. september 2026. Sengeposten har 26 sengeplassar og dekkjer fagfelta kar/thorax, ortopedi, ØNH, auge, revmatologi og odontologi. Arbeidsoppgåvene omfattar kartlegging og gjennomføring av sjukepleietiltak, legemiddelhandtering, sjukepleieprosedyrar, koordineringsoppgåver, rettleiing av studentar og kollegaer, samt kontinuerleg forbetringsarbeid.

Kravet er norsk autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar og gjerne erfaring frå sjukehus og kirurgi.

Om arbeidsgivaren

Helse Møre og Romsdal HF er eit offentleg helseføretak innan somatiske sjukehusteneseter med 2 187 tilsette ved Ålesund-eininga åleine. Som ein stor regional sjukehusaktør tilbyr verksemda eit sterkt tverrfagleg miljø, løn etter gjeldande overeinskomstar og medlemskap i offentleg pensjonsordning.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. august 2026.

Om stillingen

Vi har ledig to faste 80% stillingar og ei fast 90% stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A.

Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå sjukehus og kirurgi er ønskeleg
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5 6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5153252822 Stillingsprosent: 80, 90% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Kirurgisk Sengepost A, Helse Møre Og Romsdal Hf

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026