Helse Møre og Romsdal søker pasientkoordinator til Smerteklinikken i Ålesund, fast heiltidsstilling.
Sjukepleiar
Medisinsk Sengepost 5 Ålesund, Helse Møre Og Romsdal Hf · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Medisinsk sengepost 5 ved Ålesund sjukehus lyser ut 2 faste sjukepleiarstillingar — én på 100 % og én på 83 % — begge i Ålesund kommune. Stillingane er organiserte i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg, men det er moglegheit for langvakter med kvar 4. helg eller rein nattevaktstilling. Seksjonen behandlar akutt medisinske pasientar innanfor slag, geriatri, ortogeriatri og generell indremedisin. Sentrale oppgåver er sjukepleifagleg pasientansvar, kliniske observasjonar, kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid, rettleiing av studentar og samhandling med kommunar. Oppstart etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Helse Møre og Romsdal HF er eit offentleg helseforetak og ein av dei større arbeidsgivarane i regionen. Ålesund sjukehus – somatikk er registrert som underenhet med 2 187 tilsette og driv somatiske sjukehustenester. Som del av spesialisthelsetenesta opererer verksemda innanfor eit strengt regulert og stabilt finansiert segment av offentleg sektor. Medisin 5 framhevar eit solid fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og månedleg internundervisning samt eigne fagdagar 2 gongar i året.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 9. august 2026.
Om stillingen
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
- 1 x 100 % fast stilling
- 1 x 83 % fast stilling
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.
- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.
- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.
- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.
- Rettleiing av studentar og kollegaer.
- Samhandling med kommunar.
- Kontinuerlig forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert
- Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
- Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.
- Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har eit fagleg engasjement
- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
- Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du er positiv og har gode haldningar
- Du er pasientorientert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5 6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost 5 Ålesund, Helse Møre Og Romsdal Hf
Helse Møre og Romsdal HF søker spesialsjukepleiar/sjukepleiar i 80% fast stilling ved barne- og ungdomspoliklinikk i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF søker 3 faste sjukepleiarar (80–90 %) til Kirurgisk sengepost A i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker psykologspesialist/psykolog i nevropsykologi – fast heltidsstilling med oppstart januar 2027.
Noklus Møre og Romsdal søker laboratorierådgjevar i 50 % vikariat (6 mnd) ved Hjelset/Ålesund – oppstart september 2026.
Lignende stillinger
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.