Sengepost nevrologi ved Helse Møre og Romsdal HF i Molde søker sykepleier i 50 % fast stilling.
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sengepost Medisin 3 Snr, Helse Møre Og Romsdal HF · Molde, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Møre og Romsdal søker 2 sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar til faste stillingar ved Sengepost Medisin 3 SNR i Molde: éi 100 %-stilling med snarleg oppstart, og éi 80 %-stilling med oppstart 02.11.2026. Stillingane er knytte til nattarbeid, med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Posten har 25 sengeplassar innan hjarte, infeksjon og geriatri, og oppgåvene omfattar sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar, legemiddelhandtering, tverrfagleg samarbeid og rettleiing av studentar og kollegaer. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er krav.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset – somatikk, ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av det offentlege helseføretaket og har 1597 tilsette ved denne eininga, noko som gjer han til ein stor og veletablert arbeidsplass i regionen.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 14.10.2026.
Om stillingen
Kanskje er du vår nye kollega?
Vi har ledig;
- 1 x 100 % fast stilling, oppstart snarast eller etter avtale
- 1 x 80 % fast stilling, oppstart 02.11.26 eller etter avtale
Stillingane er for tida knytte til natt, men vi er opptekne av å finne gode løysingar og prøver så langt det let seg gjere å imøtekome ønskje om turnus og tilrettelegging.
Medisin 3 har 25 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode moglegheiter for å utvikle brei klinisk kompetanse. Vi har fagsjukepleiarar innan alle fagområda, og satsar på fagleg utvikling gjennom fagdagar, internundervisning og læring i kvardagen. Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Her blir du ein del av ei inkluderande og engasjert kollegagruppe som støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg pasientbehandling. Kvardagen er prega av tett samarbeid i tverrfaglege team, der alle bidreg med sin kompetanse for å skape trygge og gode pasientforløp.
Vi tilbyr tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt moglegheit for frivillige langvakter på vekedagar og helger. For dei som ønskjer det, kan langvakter gi arbeid kvar fjerde helg. Vi ønskjer å leggje til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ønskjer du ein arbeidsplass der du blir sett, inkludert og utfordra fagleg? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi ser fram til å bli kjent med deg! Velkomen som søkjar – kanskje er det nettopp deg vi ønskjer med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunehelsetenesta
- Delta i forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, 71118806, katrine.dalstein.myrvang@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4 6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5186167130 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 14.10.2026
Flere stillinger hos Sengepost Medisin 3 Snr, Helse Møre Og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal søker 4 tilkallingsvikarer (sykepleiere/studenter) til ortopedisk sengepost på Hjelset i Molde, deltid.
Helse Møre og Romsdal søker 3 kokkar/assistentar til kjøkkenet i Molde, vikariat på heltid.
Helse Møre og Romsdal søker spesialsykepleier til alderspsykiatrisk poliklinikk på Hjelset i Molde, fast heltid.
Helse Møre og Romsdal søker 2 sjukepleiarar (fast og vikariat) til Barnesengeposten på Hjelset, Molde.
Lignende stillinger
Medvind Assistanse søker 5 kvinnelige BPA-assistenter på deltid og som tilkallingsvikarer til en ung bruker.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Møre og Romsdal, med oppstart i oktober 2026.
Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat i hjemmetjenesten i Trøndelag, oppstart 10. oktober 2026.