Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Kokk med fagbrev/ assistent

Seksjon For Kjøkken Og Kantine Snr, Helse Møre Og Romsdal HF · Molde, Møre Og Romsdal

VikariatHeltid3 stillingerOffentligReiseliv og mat

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker 3 kokkar/assistentar til kjøkkenet ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, i vikariat på heltid. Stillingane er fordelte mellom produksjonskjøkken, varemottak/lager og rolle som matvert på avdelingane. Produksjonskjøkkenet lagar mat til pasientar, kafé og kiosk, samt møtemat og catering. Oppgåvene varierer frå kvalitetskontroll av varer og lagerstyring til sluttilbereding av diettar og enkle rettar etter pasientønske. Kokk med fagbrev er ønskeleg, men søkjarar utan fagbrev kan også søkje. Arbeidsstad er Hjelset i Molde kommune.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester, ei offentleg verksemd med 1597 tilsette totalt. Dette er ein stor, etablert offentleg arbeidsgjevar med eit breitt tilbod til pasientar og tilsette, og stillingane inngår i ei travel og tverrfagleg kjøkkenavdeling.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 13.10.2026. Oppstart er ønskeleg så snart som mogleg.

Om stillingen

Vi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet vårt ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi treng medarbeidarar til både produksjonskjøkkenet og avdelingskjøkkena våre. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Produksjonskjøkkenet produserer mat til pasientar, kafé og kiosk, med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer òg møtemat og catering til ulike arrangement og føremål. I kaféen finn du eit variert utval av påsmurde produkt, varme og kalde rettar, heimelaga bakst, gåveartiklar, bøker og ulike vekeblad. Vi driftar òg ein sjølvbetent kiosk med smart vareskap som tilbyr eit breitt utval av mat, drikke og kioskvarer.

Opphaldsromma på avdelingane fungerer som små kaféar og tilbyr mellom anna middagar, graut, supper, desserter, brødmat, pålegg og drikke.

Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mange spennande arbeidsoppgåver og bidra til eit viktig tilbod for pasientar, tilsette og besøkjande.

Har du lyst til å bli vår nye kollega? Då håpar vi du søkjer!

Arbeidsoppgåver

  • Matvert - har ansvar for "mini kafe" for pasientane. Bestille mat og drikke på Nutshell. Sluttilberede diettar, imøtekomme og lage enkle rettar etter ønske frå pasientane. Matverten fungerar som kjøkkenet si utstrakte arm og samarbeidar med avdelingspersonalet. Matverten har ansvar for matsikkerheita på avdelingskjøkken/ oppholdsrom
  • Varemottak - kvalitetskontroll av alle varer som vert mottekne, samt sette varer på riktig plass
  • Lager - pakke varer etter bestilling frå alle matvertar, avdelingar, kafe, samt pakke til eksterne lokasjonar. Ansvar for varerullering, kommunisere med produksjonskjøkken/ innkjøpsansvarleg
  • For alle stillingane - andre arbeidsoppgaver må påregnast etter internt behov i seksjonen. Aktivt bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem.Bruk av seksjonen sine digitale verkty

Kvalifikasjonar

  • Kokk med fagbrev, men andre utan fagbrev er også velkomne til å søke på stillingane
  • Matvert må ha kunnskap om matlaging og grunnleggande ernæring
  • For stilling i varemottak/ lager må ein vere fysisk sterk
  • Kunnskap/forståing for lagerstyring
  • Må ha svært gode norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Du arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Du er ein god lagspelar
  • Du er positiv til endringar og likar utfordringar
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er opptatt av å yte god service
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756

Arbeidsstad

Opdølvegen 4 6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5185036812 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 13.10.2026

Flere stillinger hos Seksjon For Kjøkken Og Kantine Snr, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

servitør
Subway Avd Metro Senter · LØRENSKOG, AKERSHUS
VikariatHeltidReiseliv og mat