Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Sjukepleiar

Seksjon For Barn Og Unge Snr, Helse Møre Og Romsdal HF · Molde, Møre Og Romsdal

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 14.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker sjukepleiar til Barnesengeposten, med 2 ledige stillingar: éi 100% fast stilling frå 1. november 2026, og eit 80% vikariat frå snarast til 31.12.26. Arbeidsstaden er på Hjelset i Molde kommune. Seksjonen tek imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge. Arbeidsoppgåvene omfattar sjukepleieoppgåver som medikamenthandtering og dokumentasjon, samt opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkravd, og politiattest må leggjast fram.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset - Somatikk, ein underdeining av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 1597 tilsette, noko som vitnar om ein stor og veletablert helseinstitusjon i regionen.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 14.10.2026.

Om stillingen

I Barnesengeposten har no ledig ei 100% fast stilling frå og med 1.november 2026. Vi har også ledig vikariat 80% frå snarast til og med 31.12.26. Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering.

Vi søkjer etter sjukepleiar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen, og som vil vere med å vidareutvikle seksjonen vår. Vi tek imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge.

Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med oss på laget i Noregs mest moderne sjukehus på Hjelset. Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt! Du er velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieoppgåver, mellom anna handtering av medikament og god dokumentasjon
  • Opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
  • Samarbeid med dyktige kollega frå ulike fagmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå pasientgruppa er ein fordel
  • God IT-kompetanse er ein fordel
  • Det må det framleggast politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er ein kreativ og tålmodig lagspelar
  • Du har spesiell interesse for barn og unge og er godt egna til å jobbe med pasientgruppa
  • Du er dyktig til å kommunisere med pasientar
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Mari Elise Morch, Konstituert seksjonsleiar, mari.elise.morch@helse-mr.no Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4 6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5164120508 Stillingsprosent: 100, 80% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 14.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 14.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Seksjon For Barn Og Unge Snr, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger