Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar/spesialsjukepleiar til 100 % svangerskapsvikariat innan rehabilitering.
Sjukepleiar
Medisinsk Sengepost 1 Ålesund, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Møre og Romsdal HF søkjer sjukepleiarar til Medisinsk sengepost 1 ved Ålesund sjukehus, hjarte- og lungeseksjonen. Det er 2 ledige stillingar: éi 100% fast stilling med langvakter kvar 4. helg (hjarteseksjonen), og eit 70% vikariat i nattstilling med langvakter kvar 4. helg i perioden 01.10.2026–31.12.2027. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, med eit variert pasientgrunnlag av akutte og kroniske hjarte- og lungetilstandar. Arbeidsoppgåvene omfattar klinisk observasjon og vurdering, behandling og oppfølging (inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte), tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon. Nytilsette får 14 dagar opplæring med erfaren sjukepleiar, faglunsj annakvar onsdag, hospitering og eigen fagdag. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkravd, og erfaring innan hjartemedisin er ein fordel. Arbeidsstad er Ålesund.
Om arbeidsgivaren
Stillinga er ved Helse Møre og Romsdal HF, eit helseføretak innan helse og sosial-sektoren. Som offentleg spesialisthelseteneste tilbyr arbeidsgivaren løn etter gjeldande overeinskomstar, medlemskap i offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27.08.2026. Attestar og vitnemål bør skannast og lastast opp som vedlegg til CV.
Om stillingen
Vi på Medisin 1 søkjer etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:
- 1 x 100% fast stilling med langvakter kvar 4.helg, for tida på hjarteseksjonen.
- 1 x 70% vikariat, nattstilling med langvakter kvar 4.helg, 01.10.26-31.12.27
Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet. Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilete, med akutte og kroniske tilstandar. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet.
Vi kan tilby:
- 14 dagar opplæring med ein erfaren sjukepleiar
- Faglunsj annakvar onsdag med aktuelle tema for både hjarte- og lungeteam
- Hospitering
- Eigen fagdag for nytilsette sjukepleiarar
Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team!
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar vere aktuell. Oppgi gjerne kva stilling som er mest aktuell for deg.
Arbeidsoppgåver
- Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin
- Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar
- Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper
- Nær pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar
- Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling
- Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar
- Erfaring innan hjartemedisin er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Empatisk og omsorgsfull
- Fagleg nysgjerrig og lærevillig
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Trygg i akutte situasjonar
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5 6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161008469 Stillingsprosent: 100, 70% Fast, Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 27.08.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost 1 Ålesund, Helse Møre Og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal søker LIS-lege til vikariat i fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF søker audiograf i 50 % fast stilling ved Hørselssentralen, Ålesund sjukehus.
Helse Møre og Romsdal søker ergoterapeut/spesialergoterapeut i fast 100 %-stilling ved Ålesund sjukehus.
Helse Møre og Romsdal søker fagekspert lege til E-helse og teknologi i Ålesund, engasjement fram til 2027.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.
WorkNorway Group søker 2 intensivsykepleiere til vikariat i Troms, oppstart 31.08.
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.