Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Fagekspert lege

Klinisk Ikt, Helse Møre Og Romsdal HF · Volda, Møre Og Romsdal

ProsjektHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Klinisk Ikt, Helse Møre Og Romsdal HF.

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker ein fagekspert lege til Avdeling for E-helse og teknologi ved Klinisk IKT. Rolla inneber å kople klinisk innsikt med digitale løysingar, mellom anna gjennom å koordinere fagleg avklaring, bidra til utvikling av standardiserte pasientforløp og prosedyrar, vidareutvikle korleis journalsystemet støttar det kliniske arbeidet, og delta i samarbeid med St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Helseplattformen AS. Stillinga er eit engasjement (prosjektstilling) med fleksibelt omfang (50–100 %), med planlagd oppstart 01.10.2026 og sluttdato 30.09.2027. Arbeidsstad er Ålesund. Det er 1 stilling, og krav om klinisk erfaring med bruk av Helseplattformen.

Om arbeidsgjevaren

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak, og stillinga er knytt til Avdeling for E-helse og teknologi, som utviklar og driftar IT-løysingar og medisinsk teknologi for føretaket. Ingen opplysningar om tal tilsette, omsetning eller resultat er oppgitt i annonsen.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 26.08.2026.

Om stillingen

Er du lege med eit hjarte for teknologi? Som fagekspert er du ein nøkkelperson i å forme framtidas helsetenester – du koplar klinisk innsikt med smarte, digitale løysingar som gjer ein forskjell for dine kollegaer.

Avdeling for E-helse og teknologi er motoren bak digitaliseringa i Helse Møre og Romsdal. Her jobber vi med å utvikle og drifte moderne IT-løysingar og medisinsk teknologi som gir auka pasienttryggleik, bedre arbeidsflyt og meir effektiv behandling.

Det er ønskeleg med snarleg oppstart, evt etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Kva du får jobbe med:

  • Koordinere med fagmiljø, fagavdeling og fagdirektør for nødvendig fagleg avklaring og beslutning (lokalt).
  • Bidra til utvikling av standardiserte pasientforløp, prosedyrar og retningslinjer.
  • Definere og vidareutvikle korleis journalsystemet skal støtte det kliniske arbeidet.
  • Innhente faglege avklaringar og sørgje for forankring av beslutningar på tvers av føretaka.
  • Byggje opp og halde ved lag oversikt over funksjonalitet i løysinga, mellom anna utfordringar, manglar og forbetringsbehov.
  • Delta i faste samarbeidsmøte med St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Helseplattformen AS.
  • Bidra til undervisning, rettleiing og kompetansedeling.
  • Delta i spesialitetssprintar.
  • Støtte klinikkane ved innføring av nye arbeidsprosessar og ny funksjonalitet.
  • Arbeide for betre informasjonsflyt mellom sjukehus, kommunar og fastlegar.
  • Sikre fagleg kvalitet i arbeidsflytar, prosedyrar og klinisk innhald.
  • Samarbeide tett med fagmiljø og beslutningsstrukturar på lokalt og regionalt nivå.

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring i bruk av Helseplattformen

Personlege eigenskapar

  • Du likar å utforske nye løysingar og tenkje framover.
  • Du trives med å jobbe på tvers av fagmiljø og byggje gode relasjonar.
  • Du held oversikta, er strukturert og finn smarte vegar vidare.
  • Du har ei fleksibel haldning.
  • Du har gode kommunikasjonsevner, både med kollegaer, klinikarar og teknologar.
  • Du ser moglegheiter i nye arbeidsformer og digitale verktøy.
  • Du er trygg i rolla som lege – du tek ansvar og står stødig i faglege vurderingar.
  • Du trives i skjeringspunktet mellom helse og teknologi

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag!
  • Supre og inkluderande kollegaer
  • Eit godt, engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø
  • Fleksibel stilling (50–100 %)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsforholdet er regulert av gjeldande lover, avtalar, overeinskomstar, eventuelle særavtalar og personaladministrative føresegner ved Helse Møre og Romsdal HF.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5162095359 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 26.08.2026

Flere stillinger hos Klinisk Ikt, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial