Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Fysikalsk Medisin Og Rehabilitering, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist om 5 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar til eit 100 % svangerskapsvikariat ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, i perioden 14.09.2026 til 04.07.2027. Stillinga er heiltid og går i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt noko nattarbeid. Arbeidsstaden er i Ålesund, og seksjonen driv sengepost, ambulante tenester og poliklinikk med spesialisert rehabilitering for pasientar frå heile fylket, mellom anna personar med komplekse funksjonsnedsetjingar etter skade eller sjukdom i nervesystemet, multitraume eller amputasjonar. Arbeidet skjer i tverrfaglege team som kan bestå av opptil ni ulike profesjonar. Det kan òg bli ledig andre stillingsbrøkar og vikariat.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Ålesund sjukehus – somatikk, ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 2229 tilsette, noko som gjer ho til ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen innan spesialisthelseteneste.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 28.08.2026. Attestar og vitnemål skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Om stillingen

Synest du det høyrest spennande ut å arbeide med rehabilitering og i tverrfaglege team?

Vi har ledig eit 100 % svangerskapsvikariat som sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering i perioden 14.09.2026 til 04.07.2027. Stillinga går i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ein må også rekne med noko arbeid på natt.

Sengeposten er ein del av Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om spesialisert rehabilitering hos oss, er personar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsetjingar som følgje av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraume eller amputasjonar.

Hos oss får du vere med og spele ei viktig rolle i rehabiliteringa til pasienten over tid. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på kompetansebygging og god oppfølging av pasientane. Vi arbeider i tverrfaglege team for å finne dei beste løysingane i lag. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, som kan bestå av opptil ni ulike profesjonar.

Vi søkjer deg som har interesse for å arbeide i tverrfaglege team, og som ønskjer å vere med på å byggje eit fagleg sterkt miljø rundt desse pasientgruppene. Vi ser for oss at du trivst med ein aktiv arbeidskvardag, er strukturert og god til å planleggje. Du er fleksibel og har ei positiv innstilling. Den samla samansetjinga i det tverrfaglege teamet er viktig, og vi legg derfor stor vekt på personlege eigenskapar.

Det kan også bli ledig andre stillingsbrøkar og vikariat.

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
  • Bidra i fagutvikling / forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Krav om meistring av norsk skrftleg og munnleg særs godt
  • Du har erfaring og kompetanse frå sengepostarbeid, gjerne fra rehabiliteringsfeltet
  • Gjerne vidareutdanning innan relevant fagfelt, feks rehabilitering eller psykiatri
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er positivt

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
  • Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
  • Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
  • Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, 70105741, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5 6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5165101157 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 28.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 28.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Fysikalsk Medisin Og Rehabilitering, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Vestland
Konstali Helsenor As · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Agder
Konstali Helsenor As · AGDER

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026