Kjøkkenassistent til 100% fast stilling
Drift-/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Bergen HF søker kjøkkenassistent til 100% fast stilling ved Hospitaldrift Matforsyning, som er tilknytta Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsoppgåvene omfattar utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel, samt reinhald, oppvask og rydding på kjøkkenet. Stillinga er ei av 1 ledig stilling, og arbeidsstaden er Haukelandsveien 22 i Bergen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus er ei underenhet innan somatiske sykehustjenester, med heile 9580 tilsette i verksemda samla. Hospitaldrift, avdelinga stillinga høyrer til, har rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar, og Matforsyning – som produksjonskjøkkenet er ein del av – har rundt 160 tilsette. Kjøkkenet lagar dagleg rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette, og er blant dei største produksjonskjøkkena i Noreg.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 30.08.2026.
Om stillingen
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kjøkkenassistent hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke kunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar.
Vi ser etter deg som er engasjert og samarbeidsorientert. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre. Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Vi har no ledig 100% fast stilling som kjøkkenassistent.
Arbeidsoppgåver
- Utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer inn under kjøkkendrift
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel
- Kjennskap til IK-mat
- Serviceinnstilt og imøtekommande
Personlege eigenskapar
- God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Fagleg interesse og engasjement
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jarle Egeland, Seksjonsleiar, jarle.egeland@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22 5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150862690 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Flere stillinger hos Drift-/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Helse Bergen HF søker 4 jordmødre i faste 100%-stillingar ved Kvinneklinikken i Bergen.
Helse Bergen HF (Haukeland) søker fagsykepleier til operasjonsavdelingen i Bergen, fast heltid.
Helse Bergen HF søker fast overlege i psykiatri til Regional avdeling spiseforstyrringar i Bergen, heltid.
Lignende stillinger
Habo Gastronomi (RøykBBQ) i Bergen søker fast deltidsservitør med restauranterfaring.
Sushitake As i Bergen søker 7 sushikokker på heltid, fast ansettelse.
Adecco søker kokk i deltidsvikariat på Landås i Bergen, med fokus på matlaging og veiledning av arbeidstreningsdeltakere.
Bryggen Tracteursted i Bergen søker 2 servitører på deltid, sesong fra 1. november til 31. desember.
Peppes Pizza på Ole Bulls Plass i Bergen søker kjøkkenmedarbeider i fast deltidsstilling, 1 stilling.
Brød & Vin Restaurant i Bergen søker 1 ringevikar (servitør) på deltid, 2–3 dager i uken, med fast ansettelse.