Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Rådgjevar

Barn Og Unge Habilitering, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 16.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Førde søkjer ein rådgjevar til Barn og unge habilitering, ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Stillinga er fast og på heiltid, med oppstart 01.10.2026. Arbeidsoppgåvene omfattar kartlegging og vurdering av funksjon og meistring, utgreiing og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming og samansette hjelpebehov, rådgiving og rettleiing til føresette, skule og kommunale tenester, samt tverrfagleg samarbeid, undervisning og fagutvikling. Det blir lagt vekt på klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og evne til samarbeid på tvers av tenestenivå. Arbeidsstad er i Sunnfjord.

Om arbeidsgjevaren

Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan somatiske sjukehustenester, med 1 744 tilsette. Som spesialisthelseteneste driv verksemda eit tverrfagleg fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog, og deltek mellom anna i eit prosjekt om bruk av kunstig intelligens i journalarbeid.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16.09.2026.

Om stillingen

Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?

Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026 Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.

Om seksjonen Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.

Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.

Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar.

Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar
  • Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov
  • Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen
  • Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak
  • Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling
  • Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer søkjarar med:

  • Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag
  • Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg
  • Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker
  • Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig
  • Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov
  • Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalter
  • Erfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel med erfaring frå:

  • Arbeid med utfordrande åtferd
  • Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse
  • Arbeid med seksuell skadelig adferd
  • Innsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar
  • Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid
  • Erfaring med opplæring og undervisning
  • Erfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
  • Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt
  • Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid
  • Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis

Vi tilbyr

  • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge
  • Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjuping
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, 578 39 000

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5171886096 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Barn Og Unge Habilitering, Helse Førde

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 3 sykepleiere til vikariat ved sykehjem i Nordland, heltid med oppstart 14. september.

VikariatHeltid3 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor As · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker 3 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Møre og Romsdal, heltid.

VikariatHeltid3 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Vestland
Konstali Helsenor As · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat i Vestland, heltid, oppstart 14. september 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026