Helse Førde søkjer 4 sjukepleiarar til ortopedisk sengepost i Førde, faste stillingar og eit årsvikariat.
Spesial-/sjukepleiarstilling
Barn Og Unge Sengepost Og Poliklinikk, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) ved Helse Førde søkjer spesialsjukepleiar/sjukepleiar til fast stilling i heiltid, med oppstart 01.01.2027. Stillinga inngår i sengepost og poliklinikk, som sidan våren 2026 er samlokalisert i ein felles seksjon. Arbeidsoppgåvene omfattar behandling og pleie av barn og ungdom, inkludert premature og sjuke nyfødde, mottak av pasientar, noko poliklinisk aktivitet, opplæring av pasientar og pårørande, samt omsorg og støtte til familiane. Avdelinga har akuttmottak for medisinske barn, avansert heimesjukehus og Barnehus, og driv poliklinikk innan mellom anna astma/allergi, diabetes/endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi og revmatologi. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Sunnfjord, Vestland. Det blir lagt vekt på norsk autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar, og erfaring frå barne- og ungdomsavdeling eller anna relevant sjukehuserfaring blir prioritert.
Om arbeidsgjevaren
Helse Førde er ein del av spesialisthelsetenesta og har ansvar for helsetenester til barn og unge i alderen 0–18 år i regionen. Avdelinga skildrar seg sjølv som eit fagleg breitt og tverrfagleg miljø med moderne lokale.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20.09.2026.
Om stillingen
Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027.
Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.
Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø.
Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege team Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologi Hos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde.
Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg.
Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Behandling og pleie av barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.
- Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn
- Mottak av barn og unge
- Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten
- Opplæring/undervisning til pasient og pårørande
- Omsorg og støtte til pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan relevant spesialitet er ønskjeleg *)
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert
- Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert
- Kunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel
*) Vi har særleg behov for kompetanse innan:
- barnesjukepleie/pediatri
- intensivsjukepleie
- onkologisk sjukepleie
- avansert klinisk nyfødtsjukepleie
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og arbeidssam
- Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling
- Like varierte utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner
- Samarbeidsvillig
- Fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og kompetent fagmiljø
- Arbeid i nye og moderne lokale
- Tett samarbeid mellom sengepost og poliklinikk
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5175423007 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Flere stillinger hos Barn Og Unge Sengepost Og Poliklinikk, Helse Førde
Helse Førde søker fysioterapeut i 100 % fast stilling ved Førde sentralsjukehus, Sunnfjord.
Helse Førde søkjer fast seksjonsleiar for Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus, heltid.
Helse Førde søker overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i fast 100%-stilling ved Førde sentralsjukehus.
Helse Førde søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering, fast heiltidsstilling ved Førde sentralsjukehus.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.
Konstali Helsenor søker 2 fastleger til heltidsvikariat ved legekontor i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.