Sjukepleiarar
Ortopedisk Sengepost Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Det er totalt 4 stillingar: to 100 % faste stillingar, ein 50 % fast stilling og eit 100 % årsvikariat, alle med oppstart etter avtale. Arbeidet er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er i Sunnfjord kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar mottak og risikovurdering av pasientar, pre- og postoperativ pleie, observasjon og triagering, samt dokumentasjon i elektronisk pasientjournal. Avdelinga behandlar pasientar innan traumatologi, hand-, skulder-, protese-, fot- og ryggkirurgi. Krav er norsk autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar og relevant sjukehuserfaring. Nyutdanna sjukepleiarar som blir ferdige til jul 2026 er også velkomne til å søkje.
Om arbeidsgjevaren
Stillingane er ved Førde Sentralsjukehus, ei underining av Helse Førde HF, som driv somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har totalt 1744 tilsette, noko som gjer arbeidsgjevaren til ein stor og veletablert institusjon i regionen.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27. september 2026.
Om stillingen
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus:
- 2 x 100 % fast stilling, oppstart etter avtale
- 1 x 50 % fast stilling, oppstart etter avtale
- 1 x 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale
Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle.
Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026.
Arbeidstid
- Stillinga inngår i 3-delt turnus.
- Arbeid kvar tredje helg.
Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det.
Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg.
Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving.
Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan:
- traumatologi
- handkirurgi
- skulderkirurgi
- protesekirurgi – hofte, kne, skulder
- fotkirurgi
- ryggkirurgi
Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø. Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.
Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune
Arbeidsoppgåver
- Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov
- Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande
- Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar
- Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter
- Du har gruppeleiarfunksjon ved behov
- Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Relevant sjukehuserfaring
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt
- Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten
- Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper
- Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Håvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5178549225 Stillingsprosent: 100, 50% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 27.09.2026
Flere stillinger hos Ortopedisk Sengepost Førde, Helse Førde
Helse Førde søker fysioterapeut i 100 % fast stilling ved Førde sentralsjukehus, Sunnfjord.
Helse Førde søkjer fast seksjonsleiar for Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus, heltid.
Helse Førde søker overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i fast 100%-stilling ved Førde sentralsjukehus.
Helse Førde søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering, fast heiltidsstilling ved Førde sentralsjukehus.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 fastleger til heltidsvikariat ved legekontor i Vestland.
IP Care AS søker lege til heltidsvikariat på Helgeland, 4. sept.–4. nov. 2026.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.