Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus

Medisinsk Avdeling, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Medisinsk Avdeling, Helse Førde.

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Førde søkjer ein seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus, med oppstart frå januar 2027. Stillinga er fast og på heiltid, med arbeidsstad i Sunnfjord, Vestland. Som seksjonsleiar får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, økonomi og personal, planlegging av utdanning for LIS-legar, ressursfordeling og kvalitetsarbeid. Du blir del av leiargruppa i medisinsk avdeling og samarbeider tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef.

Om arbeidsgjevaren

Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar, og frå hausten 2028 skal ho ta imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen».

Søknad og frist

Søknadsfristen er 27.09.2026.

Om stillingen

Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?

Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027. Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.

Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028 tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.

Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere med på å forme tenestene for framtida.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
  • Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp
  • Planlegge oppgåver og fordele ressursar
  • Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
  • Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
  • Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
  • Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn
  • Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Føretrekte kvalifikasjonar

  • Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Du har gode organisatoriske og relasjonelle evner
  • Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
  • Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Laila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5174737973 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Flere stillinger hos Medisinsk Avdeling, Helse Førde

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial