Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Psykologspesialist

Akutt Døgn, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 5.11.2026

Om stillingen

Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde.

Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar.

Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern.

Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg.

Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
  • Utøve fagleg ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
  • Rettleiing av psykologar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeid med pårørarande

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov
  • Psykologar som er under spesialisering, og som forventar å oppnå spesialistgodkjenning innan eitt år, vert oppmoda om å søkje og kan verte vurderte for stillinga.
  • Ha god kjennskap til psykisk helsevernlova og erfaring med vedtakshandtering
  • Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du tåler å stå i krevjande situasjonar.
  • Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
  • Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 488

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5119002328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 5.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Akutt Døgn, Helse Førde

Utviklingsdirektør
Helse Førde · SUNNFJORD, VESTLAND

Helse Førde i Sunnfjord søker fast utviklingsdirektør for stabsområdet Fag og utvikling, 60 ansatte.

FastHeltidUtdanning
Frist 18.10.2026

Lignende stillinger