Helse Førde søkjer fast LIS3 i nevrologi ved Førde sentralsjukehus, 100% stilling frå oktober 2026.
3. års sjukepleiarstudentar
Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søkjer etter 1 sjukepleiarstudent (fortrinnsvis 3. år) til eit vikariat som pleieassistent i inntil 25 % deltidsstilling, med oppstart september 2026. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag–søndag) fram til sommaren 2027, pluss 5 veker sommarsarbeid 2027 som autorisert sjukepleiar i 100 % stilling. Det ligg ei bindingstid knytt til sommaren 2027, og det er ei bonusordning på om lag kr 25 000,- for dei som fullfører ordninga. Første- og andreårsstudentar kan også søkje, men kvalifiserer ikkje for bonus eller bindingstid. Arbeidsstad er i Sunnfjord kommune, med fleire avdelingar å velje mellom, mellom anna ved Førde sentralsjukehus.
Om arbeidsgivaren
Helse Førde HF er eit offentleg helseføretak som driv somatiske sjukehutenester i Vestland. Eininga ved Førde sentralsjukehus har 1 723 tilsette og er ein av dei større arbeidsplassane i regionen. Som undereinhet til eit offentleg helseføretak tilbyr Helse Førde gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med gjeldande overeinskomst.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 14. august 2026.
Om stillingen
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027.
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling.
Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-.
Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. Stillingsprosent: 16 - 25
Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*)
Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027.
Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:
Lærdal
- Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*)
Nordfjord
- Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*)
Førde
- Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*)
- Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*)
- Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*)
- Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641
- Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487
- Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 (*)
- Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*)
- Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar
- Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg
Kvalifikasjonar
- 3.års sjukepleiarstudent
- Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel
- Takle tidvis høgt temp
- Vere engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein lærerik og utviklande arbeidsstad
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktinformasjon ovanfor
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5133551166 Stillingsprosent: 25% Vikariat Søknadsfrist: 14.08.2026
Flere stillinger hos Helse Førde
Helse Førde søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar til fast heltidsstilling ved Intensiv Førde i Sunnfjord.
Helse Førde søker forskingssjukepleiar i 40% engasjement ved Førde sentralsjukehus i Sunnfjord.
Helse Førde søkjer 2 sjukepleiarar til 100% vikariat ved Medisinsk sengepost 1, Førde sentralsjukehus.
Helse Førde søker fysioterapeut i 100 % fast stilling ved HABU i Sunnfjord – arbeid med barn og unge 0–18 år.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.