Helse Førde søkjer fast LIS3 i nevrologi ved Førde sentralsjukehus, 100% stilling frå oktober 2026.
Forskningssjukepleiar
Medisinsk Poliklinikk Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søker forskingssjukepleiar til ei 40% prosjektstilling ved Medisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus. Stillinga er eit engasjement over to år, med moglegheit for forlenging, og arbeidsstad er Sunnfjord. Oppgåvene omfattar planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar, oppfølging av pasientar som deltek i studiar, koordinering mot pasientar, pårørande og helsepersonell, undervisning og rettleiing, polikliniske konsultasjonar og sjukepleiarkonsultasjonar, samt dokumentasjon og rapportering av studiedata. Det blir søkt éin kandidat med norsk autorisasjon som sjukepleiar; erfaring frå klinisk forsking og pasientbehandling på sjukehus er ønskjeleg. Startdato er sett til 07.09.2026 og sluttdato 06.09.2028.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Førde sentralsjukehus, ei underining av Helse Førde HF, som driv somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 1744 tilsette, noko som gjer arbeidsgjevaren til ein stor og etablert aktør innan spesialisthelsetenesta i regionen.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 31.08.2026.
Om stillingen
Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging.
Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar.
Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike diagnosar
- Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar
- Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell
- Undervisning og rettleiing (til samarbeidande personale)
- Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar
- Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapportering
- Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar
- Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandlig på sjukehus
- Gode digitale ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Initiativrik og engasjert
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide på tvers av fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst
- Personleg eignaheit vil verte vektlagd
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring
- Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø
- Moglegheiter for kompetanseutvikling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring i forskningsspesifikke program
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5163420515 Stillingsprosent: 40% Engasjement Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 06.09.2028 Søknadsfrist: 31.08.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Poliklinikk Førde, Helse Førde
Helse Førde søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar til fast heltidsstilling ved Intensiv Førde i Sunnfjord.
Helse Førde søkjer 2 sjukepleiarar til 100% vikariat ved Medisinsk sengepost 1, Førde sentralsjukehus.
Helse Førde søker fast seksjonsleiar for kliniske fagsystem ved sjukehuset i Sunnfjord, heiltid.
Helse Førde søker fysioterapeut i 100 % fast stilling ved HABU i Sunnfjord – arbeid med barn og unge 0–18 år.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.