Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Intensiv Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar til fast, heltidsstilling ved Intensiv Førde, Førde sentralsjukehus, med oppstart 01.10.2026. Stillinga inneber ansvar for varelogistikk og orden i avdelinga, samt å bistå intensivsjukepleiarane i pasientarbeidet og gi omsorg til pasientar og pårørande. Avdelinga har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane og tek imot både medisinske og kirurgiske pasientar, frå enkle inngrep til intensivpasientar med behov for omfattande pleie. Det er 1 ledig stilling, med arbeidsstad i Sunnfjord, Vestland.
Søkjar må ha dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, beherske norsk godt munnleg og skriftleg, og kunne bruke dei aktuelle datasystema. Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel. Det leggjast vekt på personlege eigenskapar som orden, empati, sjølvstende og evne til å arbeide i team.
Om arbeidsgjevaren
Helse Førde er ein del av spesialisthelsetenesta og driv sentralsjukehuset i Førde, som tilbyr behandling innan medisin og kirurgi til pasientar i regionen. Arbeidsstaden ligg sentralt i Førde med gode kommunikasjonsmoglegheiter.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 01.09.2026.
Om stillingen
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig helsefagarbeidar/hjelpepleiar frå 01.10.2026.
Intensivavdelinga i Førde er ei avdeling med sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga har både medisinske og kirurgiske pasientar, der ein har alt frå pasientar med enkle kirurgiske inngrep, til intensivpasientar med behov for omfattande pleie.
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjeneleg like i nærleiken.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for varelogistikk og orden i avdelinga
- Hjelpe intensivsjukepleiarane i arbeidet med pasientane.
- Gje omsorg for pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for å halde avdelinga rein og ryddig, vi treng god orden.
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar, men også takle rolige stunder der ein hjelper til på andre avdelingar når det er rom for det.
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God opplæring
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5163583894 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026
Flere stillinger hos Intensiv Førde, Helse Førde
Helse Førde ved Førde sentralsjukehus i Sunnfjord søker 2 overleger i ortopedisk kirurgi, fast og heltid.
Førde sentralsjukehus (Helse Førde) søker seksjonsleder for dialyse, fast heltidsstilling i Sunnfjord, frist 11.10.2026.
Helse Førde søker 4 sykepleiere i 100 % stilling til kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus, én fast og tre vikariater.
Helse Førde søker 2 reinhaldsoperatørar i faste 100 %-stillingar ved Førde sentralsjukehus i Sunnfjord.
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker helsesekretær/sykepleier til fastlegekontor i Rogaland, engasjement på heltid.
Region Värmland søker sykepleier til fast heltidsstilling ved den psykiatriske mottagelsen i Arvika, med frist 9. oktober 2026.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i bofellesskap i Nordland, heltid ut november 2026.
Dignus Medical/Kletor AS søker fastlegevikar til heltidsvikariat i Troms, oppstart 15.10.26.