Ulstein kommune søker tilkallingsvikarar til undervisning og assistentarbeid i grunnskulen, heltid.
Ferievikar i helse- og omsorgsetaten
Ulstein Kommune · Ulstein, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ulstein kommune søkjer ferievikarar til helse- og omsorgsetaten i sommarperioden 15. juni – 16. august 2026. Det lyses ut 1 stilling på heltid (inntil 100 %), og tilsetting skjer fortløpande. Aktuelle arbeidsstadar er Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, dagsenter for eldre) og heimetenestene (omsorgsbustader og tenester til m.a. personar med utviklingshemming, heimehjelp og heimesjukepleie). Førarkort er påkravd ved nokre avdelingar. Kommunen prioriterer søkjarar som kan arbeide meir enn 5 veker i perioden veke 25–33.
Om arbeidsgiveren
Ulstein kommune er ein offentleg forvaltningseining i Ulstein, Møre og Romsdal. Sentraladministrasjonen har 26 tilsette og høyrer til bransjen generell offentleg administrasjon. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr Ulstein lønn etter gjeldande tariffavtale og eit strukturert opplæringsprogram med digitale kursbevis.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30. juni 2026. Legg ved vitnemål og attestar, og oppgi i søknaden kva periode du er tilgjengeleg og eventuelle ønskje om arbeidsstad.
Om stillingen
Vi byr på spennande og meiningsfulle sommarjobbar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein!
Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Kanskje du ønskjer å finne ut om arbeid i omsorg er noko for deg?
Vi kan tilby deg inntil 100% stilling i perioden 15.06. - 16.08.26.
Tilsetting vert gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar til dei ulike avdelingane ved
- Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, ambulerande vaktmeister (sjåfør), dagsenter for eldre)
- Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen, Holsekerdalen, Petterbakken, Hovstøylvegen, teneste til menneske med utviklingshemming, personleg assistanse, heimehjelp og heimesjukepleie)
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med søkjarar som har fagkompetanse, er i relevant utdanningsløp, eller har erfaring innan helse og omsorg
- Alle som er interessert i å jobbe med menneske er velkommen til å søkje
- Godkjent politiattest av ny dato må framvisast før oppstart
- Førarkort for personbil er eit krav ved nokre avdelingar. Det er fordel om du også disponerer bil. Oppgi i søknad om du har dette.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter personar som er:
- interessert i å bidra til gode dagar for våre tenestemottakarar
- interessert i å lære
- arbeidsvillig
Du må oppgi i kva for periode du kan arbeide i søknaden. Fortel litt om deg sjølv og om du har spesielle ønskje om arbeidsstad og arbeidsoppgåver. Vi søkjer primært etter personar over 18 år og treng søkjarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33.
Legg ved vitnemål og attestar då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og lønn.
Vi tilbyr
- eit variert arbeid saman med kjekke kollegaer
- ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare
- god opplæring
- tilgang til digitalt opplæringsprogram med kursbevis for fullførte kurs
- mange ulike arbeidsområder
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Vi ønskjer kontinuitet i arbeidet, og prioriterer difor dei som kan jobbe meir enn 5 veker i ferieperioden.
Kontaktinformasjon
Heidi Strand, Einingsleiar 1, 98230640, heidi.strand@ulstein.kommune.no Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612 Gunn Sætre, Einingsleiar 3, 98230617, gunn.satre@ulstein.kommune.no Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, 98230615, gunn.helen.muren@ulstein.kommune.no Aase Djupvik, Einingsleiar 5, 48168222, aase.djupvik@ulstein.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøgata 63 6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune Referansenr.: 5061450380 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.06.2026
Flere stillinger hos Ulstein Kommune
Ulstein kommune søkjer tilkallingsvikarar til fire barnehagar i Ulsteinvik – ingen utdanningskrav, oppdrag etter behov.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.