Ulstein kommune søker barnehagelærar i fast heiltidsstilling ved Sætra barnehage.
Tilkallingsvikar barne- og ungdomsskule
Tilkallingsvikar · Ulstein, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ulstein kommune lyser ut ei rammeavtale for tilkallingsvikarar til grunnskulane i kommunen. Stillinga omfattar vikararbeid innan undervisning i 1.-10. klasse, samt assistentvikaroppdrag i skule og skulefritidsordning. Det er ei vikarstilling på heltid (100%), med arbeidsstad ved skulane i Ulstein kommune, Møre og Romsdal. Ei rammeavtale inneber at kommunen tek kontakt ved behov for midlertidig tilsetting, og gir ingen fast plikt til å ta oppdrag. Søkjarar bør ha godkjend lærarutdanning eller anna undervisningskompetanse, eventuelt fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller relevant erfaring med barn og unge. Det vert stilt krav om godkjend politiattest før oppstart, og løn vert fastsett ut frå dokumentert utdanning og arbeidserfaring.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Ulstein kommune, som offentleg arbeidsgjevar innan helse- og sosialsektoren (skule og oppvekst). Tilsette på rammeavtale er omfatta av kommunens pensjons- og forsikringsordningar i den perioden dei er i arbeid.
Søknad og frist
Søknader vert tekne imot fortløpande, med søknadsfrist sett til 31.05.2027.
Om stillingen
Annonsen gjeld stillingar på grunnskulane i Ulstein kommune. Som hovudregel vert ledige stillingar lyst ut med eiga annonse, men vi har også behov for tilkallingsvikarar (rammeavtale) eller vikarar for korte periodar og lyser med dette ut annonse for det. Dersom du ønskjer å bli tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å sende oss elektronisk søknad.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter vikarar til undervisningsarbeid i 1.-10. klasse, samt assistentvikarar for arbeid i skule og skulefritidsordning.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har godkjent lærarutdanning eller anna undervisningskompetanse
- Har fagbrev i B/U-arbeidarfaget eller anna relevant erfaring frå undervisning eller arbeid med barn og unge
- Er god på å bygge relasjonar
- Vi legg vekt på evne til god kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet
Vi tilbyr
Avtale som tilkallingshjelp (rammeavtale) betyr at Ulstein kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9. Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det einskilde høve. Rammeavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Ulstein kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon: For dei fleste stillingane i skulen er det krav om politiattest jf. opplæringslova. Tilfredsstillande politiattest skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet. Dei som vert tilsett i stilling på skule kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av løn. Lønsansiennitet blir satt til 0 år før dokumentasjon er levert og vurdert.
Elektronisk søknadsprosess: Vi rår til at du lastar opp vitnemål og attestar og eventuelt studentbevis som viser kva studie du tek og kva semester du er inne i, i Webcruiter. Desse dokumenta vert ein del av den elektroniske søknaden.
Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønsker deg velkomen som søkjar her hos oss i Ulstein kommune. Til informasjon vil leiarane på skulane få tilgang til søknaden din.
Om vi ved seinare høve lyser ut ledig stilling som er interessant for deg, gjer vi merksam på at du må sende inn ny søknad til den konkrete stillinga.
Generell informasjon: Søkjarlister er offentlege.
Løn- og arbeidsvilkår er etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Marianne Ulstein Johnston, Skulefagleg rådgivar, 70017703, Marianne.Ulstein.Johnston@ulstein.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset 6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tilkallingsvikar Referansenr.: 5161435897 Stillingsprosent: 100% Vikar
Flere stillinger hos Tilkallingsvikar
Ulstein kommune søkjer kommunalsjef for personal og organisasjon – fast heltidsstilling i nyoppretta leiarrolle i Ulsteinvik.
Ulstein kommune søkjer tilkallingsvikarar til fire barnehagar i Ulsteinvik – ingen utdanningskrav, oppdrag etter behov.
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.