Overlege (50%) - tverrfagleg smertepoliklinikk
Læring, Meistring, Fysikalsk Medisin Og Rehabilitering, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde lyser ut 1 fast stilling som overlege i 50% stilling ved tverrfagleg smertepoliklinikk, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) ved Førde sentralsjukehus i Sunnfjord kommune. Oppstart etter avtale. Stillinga inneber ordinært poliklinisk arbeid, vurdering av tilvisingar, eventuell rettleiing av kollegaer og fastlegar, samt bidrag til fagutvikling og kvalitetsforbetring. Det er per i dag ikkje vakt- eller tilsynsansvar knytt til stillinga. Allmennlegar oppmodast også til å søkje.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF – Førde sentralsjukehus er eit offentleg somatisk sjukehus i Sunnfjord med 1 773 tilsette. Sjukehuset er organisert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Smertepoliklinikken er del av eit tverrfagleg team med legespesialist, fysioterapeut, familieterapeut, sosionom, erfaringsterapeut og psykolog, og arbeider etter ein biopsykososial forståelsesmodell. Avdelinga har i dag éin LIS og tre overlegar med lang klinisk erfaring.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 16. august 2026.
Om stillingen
Stilling som overlege ved tverrfagleg smertepoliklinikk.
Vi har ledig 50% fast stilling som overlege ved smertepoliklinikken, Avdeling for fysikalsk mediisin og rehabilitering (AFMR), Førde sentralsjukehus. Oppstart etter avtale.
Vi oppmodar også allmennlegar til å søkje.
Smertepoliklinikken gir eit tverrfagleg og høgspesialisert tilbod til eit breitt spekter av pasientar, primært eksterne, men også interne pasientar i samarbeid med andre avdelingar.
Pasientane får tilbod om utgreiing, behandling og oppfølging ved langvarige ikke-maligne smerter, samt smerterelaterte funksjons- og livskvalitetsutfordringer. Vi har kontinuerleg fokus på tett og godt samarbeid med førstelinjetenesta for ei felles fagleg tilnærming og hensiktsmessig fordeling av ansvar for behandling og oppfølging.
Det tverrfaglege teamet består av legespesialist, fysioterapeut, familieterapeut og sosionom, erfaringsterapeut, og psykolog. For mange pasientar er behandlinga basert på den biopsykososiale forståelsesmodellen, og vi er oppdaterte på kognitive behandling. Vi kan slik tilbyr god breidde i terapeutisk tilnærming, og opplever å kunne møte dei fleste pasientar på ein god måte.
Overlegen i smertepoliklinikken får ei sentral rolle i den faglege utviklinga og vidare retninga for tenesta, i tråd med ny nasjonal rettleiar som er under innføring. Som eit oversiktleg sjukehus med mange spesialitetar og korte avstandar, ligg det godt til rette for tverrfagleg samarbeid i Helse Førde.
Avdelinga har i dag éin LIS og tre overlegar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, alle med lang klinisk erfaring og brei fagkompetanse.
Stillinga inneber per i dag ikkje vakt‑ eller tilsynsansvar.
Arbeidsoppgåver
- Ordinært poliklinisk arbeid, samarbeid med resten av teamet
- Vurdering av tilvisingar og andre faglege førespurnader
- Eventuell rettleiing øvrige kollegar og fastlegar
- Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og vidareutvikling av pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning i relevant fagområde (til dømes anestesiologi, nevrologi, fysikalsk medisin og rehabilitering, allmennmedisin eller anna relevant spesialitet)
- Klinisk erfaring med smertebehandling og/eller tverrfagleg arbeid er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og motivert for arbeid med komplekse pasientforløp i tverrfagleg team
- Strukturert, reflektert og sjølvstendig
- Bidreg positivt til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Kommuniserer godt med pasientar og kollegaer
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordninar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og fordjuping innan smertefeltet
- Tett samarbeid internt i teamet med fordeling av oppgåver og oppfølging av pasientar
Kontaktinformasjon
Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5156122131 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Flere stillinger hos Læring, Meistring, Fysikalsk Medisin Og Rehabilitering, Helse Førde
Helse Førde i Sunnfjord søker 3 sykepleiere i 100 % fast stilling ved nevrologi- og rehabiliteringsavdelingen, søknadsfrist 26.10.2026.
Helse Førde i Sunnfjord søker fast utviklingsdirektør for stabsområdet Fag og utvikling, 60 ansatte.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Møre og Romsdal, med oppstart i oktober 2026.
Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat i hjemmetjenesten i Trøndelag, oppstart 10. oktober 2026.