Indre Østfold kommune søker 3 ungdommer (14–20 år) til lønnet deltidsjobb som M-venn på sykehjem, annenhver lørdag.
Sjukepleiar, vikariat
Eidet Omsorgssenter Avd 1, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Eidet omsorgssenter søkjer ein sjukepleiar til vikariat i 100 % stilling ved avdeling 1, som har 15 pasientar. Vikariatet løper fra 1. mai 2026 til 31. august 2027. Arbeidsstedet er Tennfjord i Haram kommune, Møre og Romsdal. Turnusordninga omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg kvar fjerde helg. Sjukepleiarane har faste stabsvakter fordelt i avdeling.
Hovedoppgåvene inkluderer å sikre helsehjelp av høg kvalitet, observasjon og dokumentasjon i Helseplattformen, legemiddelhandtering, laboratoriearbeid og rettleiing av pasientar, pårørande og kollegaer. Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne.
Om arbeidsgivaren
Eidet omsorgssenter er ein underenhet av Haram kommune og driv innanfor bransjen sykehjemstjenester. Senteret er eit moderne omsorgssenter frå 2017 med to avdelingar og totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar med behov for avlasting eller med demens og somatisk sjukdom. Eininga har 106 tilsette og har felles leiing med heimetenesta i Haram indre.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 19. juli 2026.
Om stillingen
Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida? Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.
Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom. Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken, konsulent i resepsjonen og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane. Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet. Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningslinjer
- Observasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i Helseplattformen
- Legemiddelhandtering
- Laboratoriearbeid
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- Bidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagen
- Samarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjarar
- God munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokus
- Løysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringar
- Sjølvstendig, men også ein god lagspelar
- Ein som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkjande og endringsvillig
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardag
- Gode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre gode
- Møtetid i turnus, med internundervisning etter plan
- Sjukepleiar i stab
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Løn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Bedriftshelseteneste
- Gratis parkering og gode kollektivforbindelsar
Kontaktinformasjon
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar avdeling 1, +4791004986, [email protected] Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, [email protected]
Arbeidsstad
Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5088307896 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.05.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 19.07.2026
Lignende stillinger
WRK Medic AS søker fastlege til heltidsvikariat på Sørlandet fra august 2026 til mars 2027.
Emploi søker 3 sykepleiere med legevaktskompetanse til heltidsengasjement, med oppdrag i Nordland, Østfold og Vestland.
Emploi søker 3 barnevernspedagoger/sosionomer til heltidsengasjement i Troms og Nord-Norge.
WRK Medic søker 10 leger til vikariater i Trøndelag innen kommunehelsetjeneste, allmennpraksis og legevakt.
WorkNorway Group søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved legetjenesten i Finnmark, uke 29–33 2026.