Lærarstillingar - vikariat
Oppvekst, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland
Om stillingen
Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert.
Dei konkrete behova no er: Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg. Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag. Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- undervisning i grunnskulen
- aktuelt med kontaktlærar for nokre av stillingane
Kvalifikasjonar
- pedagogisk kompetanse, men andre kan bli vurderte
- gjerne undervisningserfaring
- spesialpedagogisk kompetanse
- kompetanse eller erfaring innan miljøarbeid
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
Personlege eigenskapar
- gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematisk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 90619713 Elisabeth Sunde Andenæs, Rektor Nordstranda skule, 95869279 Ragnhild Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 41803716 Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 91331262 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 9 6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5184545347 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 15.10.2026
Lignende stillinger
Lykta i Bodø søker 5 spesialiserte fosterhjem i Nordland, heltid.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.