Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Ungdomsassistent i barnehage

Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland

EngasjementDeltidOffentligUtdanningFrist 15.10.2026

Om stillingen

Har du ledig tid etter skulen, ein dag eller to i veka, og har du lyst til å jobbe i barnehage? Dei kommunale barnehagane i Gloppen vil gjerne tilsetje deg som går i 9. klasse og oppover til ein ekstrajobb. Du søkjer på stillinga her og skriv kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i. Så kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage for å seie at du har søkt. Det vil vere rom for ein til to ungdomar i kvar barnehage.

Arbeidsoppgåver

Du får vere med å hjelpe barna, og vere i aktivitet saman med dei. Samt å bli med på andre praktiske oppgåver i barnehagen. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.

Kvalifikasjonar

  • Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe i barnehage.
  • Alder 9. klasse og oppover

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Du kan snakke norsk og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0-6 år

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • God opplæring og oppfølging

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123 Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568 Lisbeth Risøy Kvellestad, Barnehagestyrar, 41876670 Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875

Arbeidsstad

Grandavegen 9 6823 SANDANE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5184551380 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 15.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 15.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning