Indre Østfold kommune søker 3 ungdommer (14–20 år) til lønnet deltidsjobb som M-venn på sykehjem, annenhver lørdag.
Sjukepleiar
Hogatunet Bu- Og Behandlingssenter, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Hogatunet bu- og behandlingssenter søker 1 fast sjukepleiar i 100 % stilling med oppstart 30. november 2026. Stillingen er i tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter, men det er moglegheit for langvaktsturnus, ordinære vakter eller ein kombinasjon. Arbeidsstad er Nordfjordeid i Stad kommune, Vestland.
Oppgåvene spenner frå avansert medisinsk oppfølging og akuttkompetanse til omsorg i livets siste dagar, samt rettleiing av medarbeidarar og studentar. Sjukepleiarar i turnus får eit rekrutteringstillegg på kr 30 000,- over tarifflønn, og det er moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr 28 000,- for relevante vidareutdanningar. Søknadsfrist er 26. juli 2026.
Om arbeidsgiveren
Hogatunet bu- og behandlingssenter er ein underenhet av Stad kommune og driver innanfor sykehjemstjenester. Eininga har 169 ansatte og 52 institusjonsplassar fordelt på fem avdelingar, inkludert langtids-, korttids- og skjermingsavdelingar. Som kommunal verksemd er dette ein stabil offentleg arbeidsgjevar med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 26. juli 2026. Attestar, vitnemål og referansar skal leggjast ved søknaden. Politiattest krevjast før oppstart.
Om stillingen
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast.
Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar.
Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.
Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter.
Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar.
Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon.
Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar. Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.
Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald. Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap.
Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Kartlegging og vurdering av behov til brukarane
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med sakshandsamarteam
- Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- God organisasjons- og systemforståing
- Rettleie medarbeidarar, studentar og lærlingar
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
- Off. godkjend/autorisert sjukepleiar
- Er du sjukepleiarstudent oppfordrar vi deg til å søkje
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du likar utfordringar og varierte arbeidsdagar
- Er fleksibel, tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og samarbeid med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
- Rekrutteringstilskot kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap.4.
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
- Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar
- Tilbod om flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
- Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim.
Kontaktinformasjon
Siv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, [email protected] Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, [email protected]
Arbeidsstad
Skulevegen 24 6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5139727892 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Lignende stillinger
WRK Medic AS søker fastlege til heltidsvikariat på Sørlandet fra august 2026 til mars 2027.
Emploi søker 3 sykepleiere med legevaktskompetanse til heltidsengasjement, med oppdrag i Nordland, Østfold og Vestland.
Emploi søker 3 barnevernspedagoger/sosionomer til heltidsengasjement i Troms og Nord-Norge.
WRK Medic søker 10 leger til vikariater i Trøndelag innen kommunehelsetjeneste, allmennpraksis og legevakt.
WorkNorway Group søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved legetjenesten i Finnmark, uke 29–33 2026.