Vi søkjer sjukepleiar!
Gastrokirurgisk/urologisk Post - Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Fonna HF søker sjukepleiar til gastrokirurgisk/urologisk post ved Haugesund sjukehus. Stillinga er fast, frå 80-100 % i 3-delt turnus, med moglegheit for helgestilling. Det er 1 stilling ledig. Arbeidsoppgåvene omfattar pre- og postoperativ sjukepleie, oppfølging av pasientar med gastrokirurgiske og urologiske diagnosar, palliativ behandling, planlegging av pasientforløp og tverrfagleg samarbeid. Norsk autorisasjon som sjukepleier er påkravd, og ikkje-nordiske statsborgarar må dokumentere norskkunnskapar på B2-nivå. Arbeidsstad er Haugesund.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Haugesund sjukehus, ei underining av Helse Fonna HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein stor offentleg arbeidsgjevar med 2184 tilsette, og tilbyr fagutvikling, simuleringsdagar, fagutviklingssjukepleiar og kollegastøtteordning.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27.09.2026.
Om stillingen
Sengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.
Vi ønskjer oss fleire sjukepleiarar som har fokus på fag og kvalitet. Hos oss vil du få gode muligheter til fagutvikling og kompetanseheving innan eitt eller begge fagområda våre. Vi har faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen. Vi har fokus på opplæring av nyansatte, og på at du som ny sjukepleier skal bli trygg i rolla di. Vi har starta opp med prosjekt " Rett kompetanse på rett plass". Dette inneber at vi benytter fleire støttefunksjonar, eks portør, logistikk, reinhald slik at du som sjukepleier skal kunne bruke tida di på pasientane.
Vi handterer både planlagde og akutte innleggingar. Ein stor del av våre pasientar er kreftpasientar i ulike stadier av sjukdomsforløpet, i tillegg til pasientar med andre gastrokirurgiske og urologiske tilstandar. Vi tilbyr fast stilling frå 80-100 % i 3-delt turnus.
Det er mogeleg å søkje om helgestilling dersom dette er av interesse. Interne tilsetjingar kan føre til at det blir ledig andre stillingsstorleikar eller vikariat. Vennlegst oppgi i søknaden din om du er interessert i dette.
Vi har årsplan der vi prøver å imøtekomme så mange ønsker som mulig. Du kan velje mellom vanlege vakter 16 helgar i året, langvakter 16 helgar i året med lønnskompensasjon eller langvakter 12 helgar i året.
Hos oss vil du få ei rekkje utfordrande arbeidsoppgåver og eit miljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar!
👉Vi ser fram til å motta søknaden din!
Kva går jobben ut på?
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Delta i utgreiing og behandling av pasientar med gastrokirurgiske og urologiske diagnosar
- Delta i palliativ behandling
- Planlegging av pasientforløp
- Dokumentasjon i journalsystema Dips og Meona
- Delta i tverrfagleg samarbeid på sengeposten, og samarbeid med andre einingar på sjukehuset
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Det er ønskeleg med gode kunnskapar om fagområde i avdelinga
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
- Fagleg innsikt, motivasjon og sjølvstende blir vektlagt
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivst i eit aktivt og travelt miljø
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, med ei rekke fagressurser tilknytta avdelinga (stomisjukepleier, uroterapeut, kreftsjukepleiar, sårsjukepleier m.fl)
- Fagdager og simuleringsdagar i turnus
- Fagutviklingssjukepleiar
- Kollegastøtteordning
- Fadder til nyansatte
- Årsturnus med rom for individuelle ønske
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, medlemsskap i KLP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bodhild Håkull, Funksjonsleiar - gastrokirurgisk/urologisk post, +47 46928593 Kristine Gundegjerde Meling, Funksjonsleiar urologi, +47 916 37 361
Arbeidsstad
Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5159218810 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Flere stillinger hos Gastrokirurgisk/urologisk Post - Haugesund Sjukehus
Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus, søker fast ergoterapeut i 100 % stilling til Habilitering for voksne i Haugesund.
Helse Fonna søker 2 sjukepleiarar/akuttsjukepleiarar til akuttmottaket ved Haugesund sjukehus, fast og vikariat, heiltid.
Helse Fonna HF søkjer logistikkmedarbeidar i fast, heltids stilling ved Haugesund Sjukehus.
Helse Fonna søkjer matvert i deltid til matforsyningstenesta ved Haugesund Sjukehus.
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker helsesekretær/sykepleier til fastlegekontor i Rogaland, engasjement på heltid.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus, 5. okt–6. des 2026.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, heltid med oppstart 1. oktober 2026.