Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Logistikkmedarbeidar

Merkantil Aio, Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland

FastHeltidOffentligTransport og lagerFrist 29.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Fonna HF søkjer ein logistikkmedarbeidar til fast, 100 % stilling ved Operasjonsavdelinga, Avdeling AIO, ved Haugesund Sjukehus. Arbeidet omfattar forsyning og logistikk til operasjonsstuene, bestilling, mottak og oppfølging av varer, lagerstyring og vareflyt i SAP, samt etablering og vidareutvikling av eit konsignasjonslager. Den tilsette vil også vere stedfortredar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær. Det blir lagt vekt på erfaring frå logistikk eller lagerdrift, kjennskap til SAP, samt evne til samarbeid og sjølvstendig oppgåveløysing.

Om arbeidsgiveren

Stillinga er knytt til Haugesund Sjukehus, ei underavdeling av Helse Fonna HF, som driv somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 2 133 tilsette totalt, noko som gjer dette til ein stor og etablert arbeidsgivar innan spesialisthelsetenesta.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 29.09.2026.

Om stillingen

Vil du vere med å vidareutvikle logistikkfunksjonen i ei av sjukehuset sine mest sentrale avdelingar?

Avdeling AIO søkjer ein engasjert, strukturert og løysingsorientert logistikkmedarbeidar til 100 % fast stilling ved Operasjonsavdelinga. Vi står framfor etablering av konsignasjonslager og søkjer ein medarbeidar som ønskjer å bidra til utvikling av framtidsretta lager- og logistikkløysingar. Stillinga byr på varierte og ansvarsfulle oppgåver innan forsyning, lagerstyring og vareflyt, og vil ha ei sentral rolle i å sikre at avdelinga har rett utstyr til rett tid. Den som blir tilsett vil også fungere som stedfortredar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær, og får god opplæring i både system og funksjon.

Kva går jobben ut på?

Dine oppgåver i rolla inkluderer blant anna

  • forsyning og logistikk til operasjonsstuene
  • bestilling, mottak og oppfølging av varer
  • lagerstyring og vareflyt i SAP
  • etablering og vidareutvikling av konsignasjonslager
  • oppfølging av lagerbehaldning og varetilgjenge
  • samarbeid med leverandørar, innkjøpsfunksjonar og fagmiljø
  • bidra til standardisering og kontinuerleg forbetring av logistikk- og lagerprosessar
  • å vere vikar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant erfaring frå logistikk, lagerdrift eller forsyningsarbeid.
  • Erfaring med lagerstyring og vareflyt.
  • Erfaring med SAP eller evne til raskt å setje seg inn i nye system.
  • Interesse for utvikling og forbetring av logistikkprosessar.
  • Kjennskap til konsignasjonslager er ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi søkjer deg som

  • er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet i arbeidet
  • har gode samarbeidsevner og byggjer tillit i møte med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • tek eigarskap til oppgåvene dine og følgjer dei opp på ein sjølvstendig måte
  • er utviklingsorientert og motiverast av å forbetre arbeidsprosessar
  • trivst med digitale verktøy og ser moglegheiter i nye arbeidsmåtar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap med andre

Kvifor skal du velje oss?

  • Ei spennande og ansvarsfull stilling i eit aktivt fagmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle logistikkfunksjonen.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø der du samarbeider tett med kliniske fagmiljø, innkjøpsfunksjonar og leverandørar.
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas spesialisthelseteneste

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Knut Arne Instanes

Arbeidsstad

Karmsundgata 120 5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5180686328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 29.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Merkantil Aio, Haugesund Sjukehus

Lignende stillinger

Transport Drivers
Vbs Transport Sentral As · AKERSHUS

VBS Transport Sentral søker 3 sjåfører/lagermedarbeidere til faste heltidsstillinger i Akershus.

FastHeltid3 stillingerTransport og lager
Frist 7.10.2026
Vil du bli med på laget?
Lavik Transport · TROMS

Lavik Transport i Tromsø søker sjåfør/maskinfører til fast heltidsstilling innen transport og anlegg.

FastHeltidTransport og lager
Frist 5.10.2026
Trailersjåfør stillinger
Thorleif Rønning Transport As · FINNMARK

Thorleif Rønning Transport i Finnmark søker trailersjåfør, fast stilling på heltid.

FastHeltidTransport og lager
Frist 2.10.2026