Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Dekksoffiser til maritimt kontrollsenter i Florø 

Fjord1 - Maritim Drift · Kinn, Vestland

FastHeltid2 stillingerPrivatTransport og lagerFrist 29.10.2026

Om stillingen

Vil du vere med når norsk ferjedrift tek eit historisk steg inn i framtida?

No har du ei unik moglegheit til å bli ein del av miljøet som skal utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband. Frå vårt nye maritime kontrollsenter i Florø skal vi overvake og støtte drifta av fire nye, heilelektriske ferjer på Lavik–Oppedal. Vårt Kontrollsenter blir det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa.

Du kjem inn medan vi byggjer, testar og utviklar framtidas måte å drive ferje på.

Som dekksoffiser blir du tett på både fartøya, teknologien og dei operative vurderingane. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av dei nye ferjene, og blir ein del av laget som skal forme korleis kontrollsenteret skal fungere i praksis. For å trivast hos oss bør du vere sjølvstendig, trygg i eigne vurderingar og komfortabel med å ta ansvar. Samtidig må du spele andre gode og kommunisere godt med skipsførar, mannskap og kollegaer i kontrollsenteret.

Du bør vere nysgjerrig på ny teknologi, trygg på digitale flater og ha lett for å setje deg inn i nye tekniske system og digitale verktøy. Vi ser etter deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, nysgjerrig på teknologi og autonomi, lærer raskt og blir trigga av moglegheita til å vere med og utvikle framtidas ferjedrift.

Frå sjøen til kontrollsenteret og tilbake.

I den første fasen vil du få ei sentral rolle i testing, innfasing og utvikling av fartøya og kontrollsenterfunksjonen. Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på og to veker av. På sikt vil stillinga inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret, kombinert med arbeid om bord på ferjene på Lavik–Oppedal. Det gir ein spennande kombinasjon av operativ sjøteneste og framtidsretta arbeid på land, samtidig som du held ved like den maritime kompetansen din, maritime sertifikat og sjømannspensjon.

Kontrollsenteret blir bemanna med både dekksoffiser/navigatør og maskinsjef. Du rapporterer til operativ leiar og samarbeider tett med ferjene, skipsførarane og andre sentrale driftsfunksjonar.

Søk og bli med på laget som skal ta verdas første autonome ferjesamband frå prosjekt til operativ kvardag.

Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å overvåke autonom operasjon og handtere varslar.
  • Ansvar for å varsle og samhandle med skipsførarar i sambandet.
  • Ansvar for lasting og lossing på sambandet.
  • Ansvar for at kommunikasjonsutstyr er i orden. Kommunikasjonsutstyr

Kvalifikasjonar

  • D3-sertifikat
  • God digital kompetanse, teknisk forståing og interesse for ny teknologi og autonome løysingar
  • Evne til raskt å setje deg inn i nye digitale system og verktøy
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med eller god forståing for vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som blir motivert av ansvar, ny teknologi og nye utfordringar. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek initiativ og er trygg på å jobbe sjølvstendig og ta gode avgjerder. Samstundes har du god situasjonsforståing, held hovudet kaldt når det krevst og trivst med ansvar i ein operativ kvardag. Du kommuniserer tydeleg, spelar laget godt og ønskjer å utvikle deg i takt med teknologien.

Vi tilbyr

  • Attraktive lønns- og arbeidsvilkår
  • Ei unik moglegheit til å byggje kompetanse innan autonomi og framtidsretta maritim teknologi
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag der du får vere med og forme ei heilt ny måte å drive ferje på
  • Fri bustad og kostordning i Florø i vaktperiodane
  • Dekka reise til og frå jobb

Kontaktinformasjon

Simen Reksten Solheim, Operativ leiar, 99533482, simen.solheim@fjord1.no Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen 6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5192546811 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 29.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Fjord1 - Maritim Drift

Maskinsjef i 3:3 turnus
Fjord1 - Maritim Drift · BJØRNAFJORDEN, VESTLAND

Fjord1 Maritim Drift søker maskinsjef i fast heltidsstilling på MF Årdal, sambandet Hatvik–Venjaneset, 3:3 turnus.

FastHeltidTransport og lager
Frist 29.10.2026
Sjøvakt 2:2 turnus
Fjord1 - Maritim Drift · BOKN, ROGALAND

Fjord1 Maritim Drift søker 2 dekkssjefer i fast heltid, turnus 2:2, på sambandet Arsvågen–Mortavika.

FastHeltid2 stillingerTransport og lager
Frist 29.10.2026
Sjøvakt 2:2 turnus 
Fjord1 - Maritim Drift · AUSTRHEIM, VESTLAND

Fjord1 Maritim Drift søker matros til fast heltidsstilling i 2:2-turnus på ferjesambandet Fedje–Sævrøy, Austrheim.

FastHeltidTransport og lager
Frist 28.10.2026

Lignende stillinger

Varebilsjåfør klasse B
Rekas Transport AS · AKERSHUS

Rekas Transport AS i Ullensaker søker 1 varebilsjåfør klasse B til fast morgenrute fra Gardermoen, heltid og fast ansettelse.

FastHeltidTransport og lager
1. styrmann sikkerhetsoffiser
Hk Crew As · AGDER

HK Crew i Agder søker 2 førstestyrmenn/sikkerhetsoffiserer til kystruteskip, fast og heltid.

FastHeltid2 stillingerTransport og lager
Drosjesjåfør
Ferder Taxi AS · VESTFOLD

Ferder Taxi AS i Horten søker 2 drosjesjåfører til nattkjøring, fast ansettelse på heltid.

FastHeltid4 stillingerTransport og lager
Sjåfør B
Express Transport · AGDER

Express Transport i Agder søker 2 faste heltidssjåfører (kl. B) for budbilkjøring i Aust- og Vest-Agder.

FastHeltid2 stillingerTransport og lager
Maskinsjef 
Norled AS, Norled · KINN, VESTLAND

Norled søker maskinsjef til hurtigbåt i Kinn, fast heltidsstilling.

FastHeltidTransport og lager
Frist 20.10.2026