Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Tednebakkane omsorgssenter

Øygarden Kommune Tednebakkane Omsorgssenter · Øygarden, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist om 1 dag

AI-sammendrag

Om stillingen

Øygarden kommune søker helsefagarbeidar i 100% fast stilling ved demensavdelinga på Tednebakkane omsorgssenter. Oppstart snarast. Arbeidsoppgåvene omfattar oppfølging av bebuarane sine hjelpebehov, primærkontaktansvar, medisinansvar og dokumentasjon i journalsystemet CosDoc. Turnus med arbeid kvar 3. helg (kvar 4. helg ved langvakter). Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar er kvalifikasjonskrav, men søkjarar med lang erfaring som pleiemedhjelpar kan òg vurderast. Arbeidsstad er Rong i Øygarden kommune, Vestland.

Om arbeidsgjevaren

Tednebakkane omsorgssenter er ei underavdeling i Øygarden kommune og driv innanfor sjukeheimstenester, med 183 tilsette totalt. Senteret har 45 plassar fordelt på ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling, i tillegg til eit dagtilbod med opp til 12 plassar. Som kommunal verksemd er dette ein stabil, offentleg arbeidsgjevar innan eldreomsorg.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30. august 2026.

Om stillingen

Om avdelinga:

Tednebakkane omsorgsenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6 - 8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.

Vi har ein god fagdekning med både sjulepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og helsefagarbeidarar. Vi har òg vårt eige kjøkkne og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar.

Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.

Vi har no ledig 100% stilling som helsefagarbeidar ved demensavdelinger med moglegheit for oppstart snarast

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta bebuar sitt hjelpebehov
  • Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
  • Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga
  • Dokumentere i journalsystemet CosDoc
  • Primærkontakt
  • Medisinansvar

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Søkjere med lang erfaring som pleiemedhjelpar kan vurderast til stillinga
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Personleg eigenskap vert vektlagd

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevnar
  • Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team
  • Godt humør, være open, ærleg og lojal
  • Være glad i å jobbe med menneskar og engasjement for eldreomsorgen

Anna:

Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg. Dersom internt opprykk i stilling, kan du bli forspurt ein lavere stillingsprosent

Vi tilbyr:

  • Kompensasjon for å arbeide ekstra helg i turnus
  • Gratis parkering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Interessante utfordringar

Ved spørsmål om stillinga kontakt:

Einingsleiar: Hilde Elin Nilsen tlf: 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Kjersti H Dagestad tlf: 45736293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 30.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Øygarden Kommune Tednebakkane Omsorgssenter

Lignende stillinger

Helsefagarbeider til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial