IP Care AS søker lege til heltidsvikariat på Helgeland, 4. sept.–4. nov. 2026.
Tednebakkane omsorgssenter
Øygarden Kommune Tednebakkane Omsorgssenter · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Øygarden kommune søker sjukepleiar til Tednebakkane omsorgssenter, med 100% fast stilling på demensavdelinga. Oppstart snarast. Arbeidsstad er ØYGARDEN i Vestland. Oppgåvene omfattar generelle sjukepleiaroppgåver, medisinansvar, sjukepleiarkontakt for bebuarar og deltaking i eit nyetablert sjukepleieteam. Krav er autorisasjon som sjukepleiar (3.-årsstudentar kan òg søkje), medan erfaring frå eldreomsorg er ønskjeleg men ikkje eit krav. Turnusen er årsturnus med arbeid kvar 3. helg, eventuelt kvar 4. helg ved langvakter.
Om arbeidsgjevaren
Tednebakkane omsorgssenter er ei underining av Øygarden kommune innan sykehjemstjenester, med 183 tilsette totalt. Senteret er ein liten sjukeheim med 45 plassar fordelt på somatisk avdeling, demensavdeling og skjerma avdeling, i tillegg til eit dagtilbod med opp til 12 plassar. Som kommunal verksemd har senteret god fagleg dekning med sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og legedekning fire dagar i veka.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 27.08.2026.
Om stillingen
Om Tednebakkane omsorgssenter:
Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Som sjukepleiar/vernepleiar hos oss får du vera med i eit nyetablert sjukepleieteam og kan påverka korleis vi utviklar det. Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling.
Vi har god legedekning, og legen er på huset måndag til torsdag. Vi har òg vårt eige kjøkken og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar.
Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.
Vi har no ledig 100% stilling som sjukepleiar på demensavdeling med oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver:
Være ein del av sjukepleiarteamet
Utføre sjukepleiaroppgåver
Kartleggje miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
Dokumentere i journalsystemet CosDoc
Medisinansvar
Sjukepleiarkontakt for bebuarar
Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som sjukepleiar
3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.
Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Personleg eigenskapar vert vektlagd
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner.
Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
Godt humør, være open, ærleg og lojal.
Være glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønskje langvakter med arbeid kvar 4 helg.
Ved spørsmål om stillinga kontakt:
Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar Kjersti Hammersland Dagestad tlf 92490222 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.
Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.
Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.
Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.