Helse Førde søkjer 4 sjukepleiarar til ortopedisk sengepost i Førde, faste stillingar og eit årsvikariat.
Fast stilling for LIS3 - Nevrologi
Nevro Legar, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søker en LIS3 til fast stilling (100 %) ved Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Førde sentralsjukehus. Oppstart 01.09.2026 eller etter avtale. Arbeidsoppgåvene omfattar diagnostisering og behandling av pasientar med nevrologiske tilstandar i akutt- og elektiv verksemd, tverrfagleg samarbeid og deltaking i 7-delt vaktordning med tilstadesvakt. Krav er norsk autorisasjon som lege, fullført LIS1 og gode norskkunnskapar. Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg. Arbeidsstad er Sunnfjord, Vestland.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er ved Førde sentralsjukehus, ei underining av Helse Førde HF, som driv somatiske sjukehustenester som del av offentleg forvaltning. Verksemda har 1 773 tilsette, noko som gjer det til ein stor, veletablert arbeidsgjevar med brei fagleg kapasitet innan spesialisthelsetenester.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 12.08.2026.
Om stillingen
Utdanningsplan
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 Nevrologi
- Fast stilling LIS3 (100%)
- Oppstart 01.09.26, eller etter avtale
Om seksjonen Legane i seksjonen er organisert under Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Utdanningsplan for LIS3 i Nevrologi i Helse Førde finn du her: Utdanningsplan
Eit fagmiljø i utvikling Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vestlandslegen Helse Førde er del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå universitetet i Bergen skal ha dei siste 3 år av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen
Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- LIS3 følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktordning, med friveke kvar 7. veke. Tilstadesvakt (sjå gjerne utfyllande informasjon i utdanningsplan - lenkje ovanfor).
- Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper.
- Bidra til fagleg utvikling og undervisning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS1
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivert, lærevillig og fagleg interessert
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar, +47 47620880
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5157571601 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026
Flere stillinger hos Nevro Legar, Helse Førde
Helse Førde søker fysioterapeut i 100 % fast stilling ved Førde sentralsjukehus, Sunnfjord.
Helse Førde søkjer fast seksjonsleiar for Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus, heltid.
Helse Førde søker overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i fast 100%-stilling ved Førde sentralsjukehus.
Helse Førde søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering, fast heiltidsstilling ved Førde sentralsjukehus.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.
Konstali Helsenor søker 2 fastleger til heltidsvikariat ved legekontor i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.