Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Helsefagarbeidar ved institusjonstenester

Aurland Kommune · Aurland, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Aurland Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Aurland kommune søkjer ein helsefagarbeidar i 100 % fast stilling ved institusjonstenester. Arbeidsstad er Helsetunet, som har 24 plassar fordelt på avdelingar for korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Tilsetjing er frå snarast. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer personleg stell og pleie, ernæring, observasjon, sårstell, medikamenthandtering, førebygging, rehabilitering, miljøarbeid og dokumentering i Visma profil. Det er tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg.

Om arbeidsgivaren

Aurland kommune er ein vestlandskommune i Vestland fylke. Institusjonstenesta er organisert under kommunalområde helse og omsorg, med om lag 30 tilsette ved institusjonen sjølv. Helseadministrasjonen er registrert som ei underseining av offentleg forvalting innanfor offentleg administrasjon knytt til helsestell og sosial verksemd. Kommunen legg vekt på godt arbeidsmiljø og tilbyr mellom anna gratis tilgang til treningsrom og symjehall, pensjons- og forsikringsordningar, og hjelp med bustad og barnehageplass for tilflyttarar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 13. juli 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er ved institusjonstenester, og tilsetjing er frå snarast.

Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt.

Me har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr.

Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

Institusjonstenesta er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.

Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.

Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.

Arbeids- og ansvarsområde

  • varierte arbeidsoppgåver som mellom anna personleg stell og pleie til pasient/brukar, ernæring, observasjon, primærkontakt o.a
  • sårstell etter opplæring / prosedyre
  • medikamenthandtering med godkjent medisinkurs
  • førebygging og rehabilitering
  • miljøarbeid og aktivitetar i lag med pasientane
  • samarbeide om, og fylgje opp tiltaksplanar
  • vurdering og kartlegging av behov
  • dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
  • rettleiing og opplæring av kolleger og lærlingar
  • tverrfagleg samarbeid med andre som til dømes sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og heimebaserte tenester
  • halde deg fagleg oppdatert og delta på møter, kurs og internopplæring

I tillegg kan det bli delegert andre oppgåver frå mellom anna avdelingsleiar og sjukepleiar.

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter tariff
  • 6 års tilleggsansiennitet (ved fagbrev)
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak )
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

Søkarar som kan få fast tilsetjing:

  • du har fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Flere stillinger hos Aurland Kommune

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026