Aurland kommune søker helsesykepleier i 100 % vikariat ved Aurland helsestasjon, fra 1. desember 2026 til 6. oktober 2027.
Spesialkonsulent i helse og omsorg
Aurland Kommune · Aurland, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Aurland kommune søker én spesialkonsulent i helse og omsorg i fast 100 % stilling med oppstart 01.10.2026. Kontorstad er ved Aurland omsorgssenter, og stillingen rapporterer til kommunaleigar for helse og omsorg.
Oppgåvene er breie og spenner frå administrativ leiarstøtte – personalmeldingar, arbeidsavtalar, lønsrelaterte saker og varebestilling – til fagleg sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, prosjektleiing, kvalitets- og internkontrollarbeid, og strategisk rådgjeving i politiske saker. Stillingen har òg systemansvar for turnusprogram og skal fremje digitalisering i tenesteutviklinga. Nynorsk er kommunens målform, og særskilt god skriftleg og munnleg framstillingsevne vert vektlagt.
Kvalifikasjonskrav er bachelorutdanning innan helse-, organisasjons- eller administrative fag, samt kunnskap om arbeidsrett, personaladministrasjon og offentleg forvaltning.
Om arbeidsgivaren
Aurland kommune er ein distriktskommune i Vestland. Helseadministrasjonen er registrert som underenhet med 9 tilsette og er del av offentleg forvaltning innan helsestell og sosial verksemd. Kommunen tilbyr fleire tilleggsgode, mellom anna moglegheit for inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielån gjennom Lånekassens distriktsordning frå 2026.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 09.08.2026.
Om stillingen
Om stillinga
Vi har ledig fast 100% stilling som spesialkonsulent frå 01.10.2026.
Vi søker ein engasjert og sjølvstendig konsulent i kommunalområde helse og omsorg.
Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein konsulent som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde.
Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg.
Arbeids- og ansvarsområde
- Praktisk støtte til leiarar mellom anna personalmeldingar, utarbeiding av arbeidsavtalar og oppdragsavtalar, håndtering av lønsrelaterte saker frå leiarar, samt varebestilling og mottak
- Håndtering av ledige vakter
- Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing
- Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement
- støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem
- Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid
- Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling
- Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga
- Informasjonsarbeid
- Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff Kap. 4, stillingskode 6599 spesialkonsulent
- minimum 6 års tilleggsansiennitet
- fleksitidsordning
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Sletting av studiegjeld?
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet innan helse-, organisasjons- eller administrative fag på bachelornivå
- Vidareutdanning innan relevante fag som økonomi, prosjektleiing, helserett, kan fråvikast om ein er villig til å ta vidareutdanning
- Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid
- Har kunnskap om reglement og lovverket på området
- Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver
- Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon
- God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem
Personlege eigenskapar
Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
- Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming
- Er god problemløysar som jobbar godt under press
- Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter
- Er god på å bygge relasjonar og samarbeid
- Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter
- Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- det er viktig at alle søkjarar legg ved attestar og annan relevant dokumentasjon, slik at ansienniteten kan fastsetjast korrekt ved ei eventuell tilsetjing.
Krav til språk
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Flere stillinger hos Aurland Kommune
Aurland kommune i Vestland søker 4 tilkallingsvikarer på deltid til bu og miljøtenester, som tjenesteyter for personer med nedsatt funksj…
Lignende stillinger
Utenriksdepartementet søker én spesialutsending for politisaker til ambassaden i Kyiv, heltid, engasjement på to år fra august 2027.
Better Business i Trondheim søker en alderskontrollør og mystery shopper på deltid, fast ansettelse, med fleksibel arbeidstid.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsjobb i Hellas, med flyttepakke.