Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Avdeling Tennfjord Barnehage, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Avdeling Tennfjord Barnehage, Haram Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Tennfjord barnehage søker ein fast tilsett barne- og ungdomsarbeidar eller assistent i 100 % stilling med oppstart 3. august 2026. Barnehagen ligg i Haram kommune i Møre og Romsdal og har fem basar med til saman 83 barn. Arbeidsoppgåvene omfattar omsorg og støtte til enkeltbarn, medansvar for sosialt og pedagogisk miljø, foreldresamarbeid, observasjon og deltaking i barnehagen sitt utviklingsarbeid. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav. Godkjent politiattest og gode norskkunnskapar er påkravd.

Om arbeidsgivaren

Tennfjord barnehage er ei undereining av Haram kommune og opererer innanfor bransjen førskoleundervisning og drift av barnehager. Eininga har 34 tilsette og er ein mellomstor kommunal barnehage. Haram kommune beskriv seg som ambisiøs med fokus på heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 21. juni 2026.

Om stillingen

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode».

Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Vi håpar å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje eit krav
  • Levere godkjent politiattest av nyare dato
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
  • Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 18 6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5135825713 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 21.06.2026

Flere stillinger hos Avdeling Tennfjord Barnehage, Haram Kommune

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning