Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Vikariat barnehagelærar

Avdeling Tennfjord Barnehage, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligUtdanningFrist 22.10.2026

Om stillingen

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på seks basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.

Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga/ basen, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
  • Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til

Kvalifikasjonar

For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Søkar må vidare:

  • Levere oppdatert politiattest
  • Jobbe i tråd med barnehagelova
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova § 18b
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
  • Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
  • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
  • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
  • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
  • Vere ein god rollemodell
  • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
  • Sikre barna sin rett til medverknad og involvering

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Gjerdebakken 55 6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5180503034 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 02.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 22.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 22.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Avdeling Tennfjord Barnehage, Haram Kommune

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning