Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Kulturskulen er ein spennande og kreativ arbeidsplass.

Vindafjord Kommune Kultur Og Læring · Vindafjord, Rogaland

VikariatDeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Vindafjord Kommune Kultur Og Læring.

AI-sammendrag

Om stillingen

Vindafjord kulturskule søkjer ein danselærar i eit 40% vikariat for skuleåret 2026/2027. Stillinga inneber undervisning i dans for elevar i ulike aldersgrupper, koreografering av framsyningar, planlegging og gjennomføring av førestellingar, samt kontakt med elevar og føresette. Det er éi stilling lyst ut, men kulturskulen samarbeider med Tysvær kulturskule og Haugesund kulturskule om tilsvarande stillingar – dei tre kan kombinerast for den rette søkjaren. Arbeidsstad er kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen, Vindafjord kommune.

Om arbeidsgivaren

Vindafjord kulturskule er ei avdeling under eininga Kultur og læring i Vindafjord kommune, og driv kulturskuleundervisning for barn og unge. Skulen har 17 tilsette. Som kommunal underverksemd tilbyr arbeidsgivaren offentleg tenestepensjon og vanlege forsikringsordningar etter tariff.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 3. august 2026. Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknadar. Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Annonsetekst

Vindafjord kultuskule har ledig vikariat som danselærar i 40% for neste skuleår. Kulturskulen er ei avdeling i eining Kultur- og læring held til i kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen. Me gjer merksam på at det blir lyst ut tilsvarande stilling i Tysvær kulturskule og Haugesund kulturskule. Skulane vil gjerne leggja til rette for at dei tre stillingane kan kombinerast.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Undervisning i dans for elevar i ulike aldersgrupper.
  • Medverka til kollegialt samarbeid.
  • Planleggja og gjennomføra førestellingar.
  • Koreografera dansar tilpassa elevgruppene.
  • Kontakt med elevar og føresette.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Allsidig kompetanse i dansefaget.
  • Evne til å tilpassa undervisningsopplegg til ulike grupper og stilartar.
  • Kreativitet og evne til å insiprera andre.
  • Dyktig til å kommunisera og å skapa kontakt med barn og unge.
  • God klasseleiing.
  • Norsk som undervisningsspråk.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Høgskuleutdanning i dansefaget.
  • Førarkort klasse B.
  • Pedagogisk kompetanse.
  • Erfaring frå ulike stilartar innan dans.

Me legg stor vekt på personlege eignaheit. I tillegg til å ha gode samarbeidsevne og vera ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, ser me etter deg som har desse eigenskapane:

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsfull
  • Kreativ og inspirerandne og glad i å skapa.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Før tilsetting må du leggje fram godkjent politiattest.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?
Ølensjøen FUS barnehage as · VINDAFJORD, ROGALAND

Ølensjøen FUS barnehage i Vindafjord søker pedagogisk medarbeider i 100 % vikariat fra januar til juli 2027.

VikariatHeltidUtdanning
Frist 13.12.2026
Fostermor - fosterfar
Right Bemanning As · VINDAFJORD, ROGALAND

Right Bemanning AS søker 3 fostermødre/fosterfedre på heltid, fast ansettelse, med arbeidssted i hjemmet i Vindafjord.

FastHeltid3 stillingerUtdanning