Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?

Ølensjøen Fus Barnehage AS · Vindafjord, Rogaland

VikariatHeltidPrivatUtdanningFrist 13.12.2026

Annonsetekst

I Ølensjøen har me ledig 100% vikariat for pedagogisk medarbeidar frå 04.01.27 t.o.m. 16.07.27. Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa.

Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å være respektfulle, vise omsorg og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å være ute og på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.

Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar?

Ja? Då kan det være akkurat deg me ser etter!

Me tilbyr: * Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida * God rettleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast * Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear * Gode løns- og pensjonsvilkår * Eigne FUS-klede

Arbeidsoppgåver: * Leggje til rette for at barna får utvikle seg gjennom leik, aktivitet og samspel * Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen * Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og aktivitetar * Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede

Me ser etter deg som: * Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer * Likar å engasjere deg i leik - ha ekte begeistring for samvær med barn * Er fleksibel og ser løysingar * Har gode ferdigheter i norsk

Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. Tilsetjing føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova, denne må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Søk på jobben
Søk senest 13.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Ølensjøen Fus Barnehage AS

API og MCPGET /company/987017422/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/987017422/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "c0f9988f-6349-4c4b-b8dc-7f9637b4e50f",
      "title": "Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?",
      "municipal": "VINDAFJORD",
      "application_due": "2026-12-13 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "2ccdfff4-b043-400a-8b68-0200fc5bbf95",
      "title": "Me søker engasjert barnehagemedarbeider",
      "municipal": "VINDAFJORD",
      "application_due": null,
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "987017422" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke typer roller ansetter Ølensjøen Fus Barnehage AS i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Ølensjøen Fus Barnehage AS ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?» hos Ølensjøen Fus Barnehage AS?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Faglærar og kontaktlærar 1.-10. klasse
Vindafjord kommune Vikedal skule · VINDAFJORD, ROGALAND

Vikedal skule i Vindafjord søker faglærer og kontaktlærer 1.–10. klasse: 1 fast heltidsstilling, pluss vikariater på 250 %.

FastHeltidUtdanning
Frist 13.12.2026
Ølensjøen Fus Barnehage AS
Frist 13.12.2026
Søk på stillingen →