Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Medarbeidar - Unikt teater

Klepp Kommune, Kultur · Klepp, Rogaland

AnnetDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Klepp Kommune, Kultur.

AI-sammendrag

Om stillingen

Klepp kommune, Kultur søker ein medarbeidar til teatergruppa Unikt teater – eit kultur- og fritidstilbod for unge med funksjonsheimming. Stillinga er ei deltidsstilling med tilsetjing som oppdragstakar (ikkje ordinær fast tilsetjing). Øvingane går 3–4 timar annakvar veke, hovudsakleg på ettermiddag og kveld (kl. 18–21), og førebur gruppa til ei årleg førestilling. Arbeidsstad er for tida Klepp ungdomsskule. Startdato er 24. august 2026.

Hovedoppgåvene er å bidra til god organisering av øvingane, skapa eit godt miljø for deltakarane, følgja opp enkeltdeltakarar og ha kontakt med pårørande og bustadpersonell.

Om arbeidsgivaren

Klepp kommune Kultur er ei offentleg eining med 20 tilsette innanfor bransjen offentleg administrasjon knytt til kultur og sosial verksemd. Unikt teater er eit samarbeid mellom kommunane Klepp, Time og Hå, og gruppa har vore i drift i meir enn 10 år med om lag 20 deltakarar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. august 2026.

Om stillingen

Kommunane Klepp, Time og Hå samarbeider om teatergruppa Unikt teater, som er eit kultur- og fritidstilbud for unge med funksjonsheimming. Nedre aldersgrense er 13 år. Gruppa har i dag ca 20 deltakarar. Unikt teater har vore drive i meir enn 10 år og er eit populært tilbod for målgruppa. Teatergruppa har ei årleg førestilling.

Tilsetjingsform:

Medarbeidaren vil bli tilsett som oppdragstaker. Øvingstida for Unikt teater er 3-4 timar annakvar veke i tidsrommet kl 18.00 til 21.00. Øvinga skjer på ettermiddag/kveld og er for tida på Klepp ungdomsskule. Ein må rekna med noko meir øving på kveldstid og i helger i forkant av førestillinga. Driftsåret følgjer hovudsakleg skuleåret.

Teamet består av leiar og totalt to medarbeidarar/oppdragstakarar.

Arbeidsoppgåver

Medarbeidaren skal, i samråd med leiar, bidra til god organisering av øvingane, vera med å skapa eit godt miljø og godt innhald på øvingane Dette inkluderer å følgja opp deltakarane på øvingane, ha kontakt med pårørande og/eller tilsette i bustadar, samt diverse praktiske oppgåver i tilknytting til dette.

Kvalifikasjonar

Me ønskjer at du har nokon av desse kvalifikasjonane:

Utdanning innan eller erfaring frå dramaturgi eller liknande Relevant utdanning og/ eller erfaring frå miljøarbeid med målgruppa Erfaring og ferdigheiter innan musikk, dans, produksjon av kostymer e.l. God datakunnskap Førarkort for personbil

Gode norskkunnskaper - skrifteleg og munnleg

Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Utadvendt og med gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personar i målgruppa og andre involverte Evne til å rettleia og leggja til rette for den enkelte deltakaren Fleksibel, ryddig, selvstendig og ansvarsfull Kreativ og med evne til å finna praktiske løysingar saman med andre Engasjement og interesse for dramaaktivitet

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø og spanande utfordringar Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar Tilsetting på kommunale vilkår Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) Gratis parkering Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Bedriftskunstforening Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor

Kontaktinformasjon

Else Havik, fritidskonsulent, +47 93024881

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5154817151 Stillingsprosent: 0% Anna Startdato: 24.08.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026

Flere stillinger hos Klepp Kommune, Kultur

Lignende stillinger

Tilkallingsvikarer
Miljøarbeidertjenesten, Bamble kommune
AnnetDeltid5 stillingerHelse og sosial
Frist 27.9.2026
Vernepleier til bolig i Akershus
Konstali Helsenor As · AKERSHUS

Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.

VikariatHeltidHelse og sosial
Frist 14.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026