Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas.
Idrettskonsulent 50%
Klepp Kommune, Kultur · Klepp, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Klepp kommune søkjer ein idrettskonsulent i 50% fast stilling ved kulturavdelinga. Arbeidsoppgåvene omfattar sakshandsaming av kommunale tilskotsordningar, veiledning og oppfølging av spelemiddelsøknader, utarbeiding av politiske saker, rådgjeving overfor idrettslag, utvikling av lågterskeltilbod og samarbeid mellom idrettslag, idrettsråd og kommunen. Stillinga inneber også tildeling av treningstid i kommunale anlegg og oppfølging av plan for fysisk aktivitet, med noko kvelds- og helgearbeid. Arbeidsstad er Klepp, og stillinga er lagt til kulturavdelinga som blant anna omfattar bibliotek, frivilligsentral og fritidstilbod. Aktuelle søkjarar bør ha brei erfaring frå idrettsarbeid, administrativ eller prosjekterfaring, gjerne idrettsfagleg utdanning, samt gode digitale og kommunikative ferdigheter.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Klepp kommune, kultur, ei underavdeling av offentleg forvaltning innan bransjen offentleg administrasjon tilknytt helsestell, undervisning, kultur og anna sosial verksemd. Verksemda har 24 tilsette og held til i Klepp kommune.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27.09.2026.
Om stillingen
Klepp kommune ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar. Kommunen har 21 000 innbyggarar. Kommunens administrasjon er organisert i fem hovudområde; samfunn og kultur, barn og unge, helse og velferd økonomi og fellestenester. Klepp har eit aktivt frivillig idrettsfelt, der kommunen og kulturavdelinga er samarbeidspartnar og tilretteleggar. Kulturavdelinga i Klepp kommune består av Klepp bibliotek, Klepp Frivilligsentral, Plogen kultursal, tilrettelagte fritidstilbod, integrering- og inkluderingsarbeid, idrett og har i tillegg ansvar for eit bredt spekter oppgåver på kulturfeltet. Me driv fleire prosjekt og aktivitetar, har ansvar for planarbeid, forvaltning av tilskot, lokaler til kulturformål, idrett, kunst og kulturminnevern. Hausten 2026 flyttar me inn i nye Plogen kulturhus og rådhus. Plogen kulturhus inneheld kultursal, bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb og kulturskule på ein og same stad. Her er også ny kyrkje og nytt rådhus. Plogen kulturhus skal være med å løfta kulturlivet lokalt og i regionen, skapa meir liv i sentrum, vera ein møteplass for generasjonar og kulturar.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert idrettskonsulent som ønskjer å bidra til eit aktivt og inkluderande idrettsliv i kommunen. Stillinga er plassert i kulturavdelinga og arbeidsinnhaldet er i hovudsak knytt til sakshandsaming, samarbeid og veiledning for idretten, men kan endra seg over tid.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming av kommunale tilskotsordningar
- Veiledning og oppfølging av spelemiddelsøknader
- Utarbeide politiske saker og anna sakshandsaming innan idrett og kultur
- Rådgjeving og rettleiing overfor idrettslag
- Arbeid med å utvikla lågterskelbaserte idrettstilbud for innbyggjarar som i liten grad deltar i organisert idrettsaktivitet
- Utvikla samarbeid mellom idrettlag, idrettsråd og kommunen
- Arbeid med tilrettelegging for fysisk aktivitet og friluftsliv
- Tildeling av treningstid i kommunale anlegg
- Oppfølging av Plan for fysisk aktivitet
- Diverse prosjektarbeid m.m
- Noko kvelds/helgearbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Relevant og brei erfaring frå organisering og leiing av idrettsarbeid
- Administrativ erfaring/bakgrunn og/eller prosjekterfaring. Anna type bakgrunn kan og være aktuell
- Idrettsfagleg utdanning, men anna relevant utdanning eller erfaring kan kompensera for dette
- Kunnskap og erfaring frå samarbeid mellom idrett og kommune
- Det er ynskjeleg med kjennskap til økonomi og budsjettarbeid
- Gode digitale ferdigheter
Personlege eigenskapar
- Engasjert og initiativrik
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeida målretta, sjølvstendig og systematisk
- Har ei ressurs- og løysningsorientert, fleksibel innstilling
- Lokalkunnskap kan være ein fordel
Vi tilbyr
- Eit spanande tverrfaglig miljø og moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av kommunen sitt idrettsliv
- Varierte og utfordrande oppgåver med store moglegheiter til å påverke utviklinga innan arbeidsområdet
- Lønn etter tariff
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordninga (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Gratis parkering
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Kontaktinformasjon
Nina Berntzen Osland, Kultursjef, +47 97714810
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5175712188 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Lignende stillinger
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter til fast heltidsjobb i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til nytt kontor i Fuengirola, Spania.
Anvern søker rådgiver i deltid til ny satsing på samfunnssikkerhet og beredskap i Nord-Norge.
Norec søker Gender Adviser til FNs humanitære koordinering i Palestina, engasjement i heltid.
Me Group AS søker en Partner og Rådgiver innen rekruttering, fast stilling på heltid.